lørdag, april 06, 2024

Dagbok 2024: 6.april


 Dette bildet har eg tatt nede ved ALTI. Der er ein flokk med ender som går opp på land av og til, kanske fordi somme matar dei-eller berre for å vere oppe or vatnet.Somme gonger er det heit fullt med ender-men ikkje i dag.

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader, men det kjennest ikkje varmt ut, inne i alle fall, for vi har ikkje sol.

I går var eg så tutlete og kom ikkje i gang med noko, så i dag hadde eg ein plan. Eg skreiv ei liste og så køyrde eg ned til Alti. Eg fekk kjøpt bukste på Kapahl, og diverse hårprodukt, sjampo t.d. på Vita og skrivebøker (Til spansken) på Europris.

Så var eg opp i gata og kjøpte eit hårprodukt til, på frisørsalongen. Mat trong eg ikkje å kjøpe i dag, eg får greie meg med det eg har i hus no når eg er her åleine.

Då eg kom heim , tok eg med meg ei pære på turen og gjekk på Vernet.  Eg kjøpte pærer sist eg var på KIWI, eg hugsar ikkje kva land dei kom frå, men dei var gode. Eg trefte berre ei eg kjenner på turen i dag. Ho er på min alder men spring som ein røyskatt opp gjennon skog og fjll. Men ho har skifta begge hoftene.

Då var det tid for å lage middag og i dag vart det pølser og potetstappe, det går så fort å lage, og så har eg funne nokre pølser utan skinn som er nokså gode.

Etter middagen sette eg meg til i godstolen med strikketøy og kaffikopp. Eg likar så godt å sjå folk som reiser og fortel om det dei ser. No når eg ikkje reiser sjølv, kan det vere ei erstatning. Nils og eg reiste både Norge og Sverige på langs og tvers  frå sør til nord. Vi brydde oss ikkje så mykje om å slå oss til ro. Berre fare av garde.

I dag er Marit med Janne til Stryn på konsert, Janne dirigerer eit par kor, eitt av dei er Lostrupane frå Loen.

Eg held meg stort sett borte frå alt "BRÅK" på grunn av tinnitusen. Eg har det i øyret heile tida, men viss eg blir utsett for mykje lyd, blir det som regel mykje verre.

Det er i fristande å begynne på hagearbeidet enno, det er ganske grønt på plenen, men det er for kaldt til å styre med noko, synest eg. Men eg har nok å henge fingrane i når den tida kjem.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...