søndag, april 07, 2024

Dagbok 2024: 7.april


Klokka er no19.00, og eg er nettopp komen heim frå turen på Vernet, Det var finare no enn tidlegare i dag. Det er opplett ute og + 10 grader, men på PC-en min står det:Regn i  morgen, så vi har noko å glede oss til.
Dagen i dag har gått fort unna til tross for at det ikkje har hendt så mykje. På føremiddagen sat eg stort sett og strikka lester og såg TV. Så åt eg middag, restar frå i går, før eg gjekk opp til Marit og drakk kaffi. Ho hadde vore med på korkonsert i Stryn i går så ho hadde no opplevd litt.

Eg hadde ei god stund med Reels , så eg fekk spanskleksjonen min i dag også. Det må til. Kjøpte meg nye skrivebøker i går, som eg skal ha å notere i. Eg får ta den tida det tek.
Eg kom ned att frå Marit ein gong etter kl.5, og då gjekk eg på Vernet der eg trefte naboane mine, og fekk ein prat med dei. Det skjer ikkje så mykje no om dagane, og det kan vere like greitt-så skjer det ikkje noko gale heller. Håper eg.
No har eg hatt tre fridagar etter kvarandre, så no kan det vere på tide å få gjort noko. Hagen ligg der og ventar, og mange jobbar som eg skal ha gjort inne også.
I dag tok eg bilde av elva, den var større no enn på lenge, det er vel både snøsmelting og nedbør.




 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...