tirsdag, april 09, 2024

Dagbok 2024: 9.april



Denne fine strikkaduken fekk eg av Tone til 80-årsdagen .Den ligg på bordet heile året, berre ikkje i jula.


Klokka er no17.00, temperaturen ute er mild og vårleg +12 graderC. Det har vore ein nydeleg og mild dag sjølv om sola ikkje har vore framme så mykje. Rett over vegen står det eit japansk tre i full bomst, og det er heilt nydelig.

Dagen i dag har vore grei nok, men eg har visse problem som eg ikkje får gjort noko med-og eg forstår det ikkje. Saken er, som eg skreiv i går at eg ikkje finnledning så eg får ladde telefonen. Marit meinte at ho kunne ladde den oppmed sin leidning, men det gjekk ikkje. Eg saknar ein ledning som eg kan sette inn i datamaskina med eine enden og med telefonen i den andre. Eg har mange slike leidningar, men ingen av dei passar til telefonen min. Og telefonen er tom for straum , så eg får ikkje ringt eller sendt melding til nokon som kan hjelpe. Det er som å sitte på ei aude øy utan båt.

Dagen elles har vore som vanleg, vi var på trening frå 10-11, etterpå var eg ein liten tur til VIk før eg tok runden min på Vernet. Eg er eigentleg frisk og rask-det er berre ryggen som plagar meg litt. Eg sat på alle benkane på runden i dag, det er godt å vere uteslik temperaturen er no.

Eg har ikkje laga meg middag i dag, men kanskje lagar eg noko som liknar til kvelds.No skal eg sette på klesvask, skal vaske gardinene her på datarommet, mellom anna. Eg har visst diverse som skal strykast også. Det er alltid nok å gjere for den som vil. 


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...