onsdag, april 10, 2024

DAGBOK 2024: 10 april

Klokka er no 15.34, temperaturen er +6 graderC, og det regnar. Eg hadde kledd på meg for å gå tur på Vernet, men då eg var ferdig med Starevegen snudde eg heim, for det silregna, og det var eg ikkje kledd for , viss det lettar opp kan det hende eg går då.

I dag stod eg opp i 8 tida etter å ha stått opp og lagt meg igjen  mange gonger, eg er lei av dette no, men får ikkje stoppa det. Greit nok, eg hadde ein plan for dagen, og det var å få ledning til telefonen. Så eg var på ALTI  ikkje så lenge etter at dei hadde opna opp. Dei opnar klokka10. Men der sat folk i kafeen under trappa og åt kaker og drakk kaffi. 

På Clas vart eg ekspedert av ei godt vaksen dame, som forstod med ein gong kva det var eg ville ha. Ho fann ein ledning som passa i telefonen min, men ikkje berre det, der var også ein ende som skulle inn i datamaskina. Heilt perfekt, akkurat slik eg hadde før(Og som sikkert er ein stad i huset enno). Denne ledningen var litt for lang , men det gjer ingen ting, elles så har den ein lett rosa farge, slik at eg kjenner den igjen.

Då eg kom heim måtte eg sjølvsagt prøve om alt stemte -og det gjorde det.

Sidan det no ikkje er spanskundervisning er eg fri på onsdagane, denne veka skal vi heller ikkje ha trening på torsdag. Så no kan eg få gjort litt heime. I dag har eg stoke og hengt opp nyvaska,nystokne gardiner her på datarommet. Men eg må nok ha litt hjelp med gardinbrettet. Eg greier ikkje å stå i gardintrappa og feste delane med skrujern. Men det blir vel ei råd.

Mens eg stauk og styrte på hadde eg tre store brød i omnen, Det er ikkje ofte eg bakar, og det er heller ikkje det beste å halde på med viss ein har ei låk hand. Men no geidde eg det i dag. Brøda vart gode og middagen i dag vart brødskiver med egg og sild.

Så driv eg med litt spanskundervisning på data-eg underviser ikkje, men eg prøver å lære litt  og halde den kunnskapen eg har ved like. Eg er kvar dag inne på "Reels and short videos", der det blir meir og meir spansk til meir eg brukar det. No lid det så langt på dag at det er lov å sette seg til med strikketøy og TV, trur eg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...