Klokka er no 21.Temperaturen ute er +8 graderC, og sjølv om vi no har sommartid på klokkene er det nokså mørkt ute no.
I dag venta eg Einar på besøk, han har vore i Oslo i nesten fem månader, men no er han tilbake i Sunnmørsposten, i Oslo jobba han på NRK. Eg høyrde han av og til på TV, men såg han aldri. Eg er ikkje heilt sikker på kva han studerte der , men det kan eg vel få vite seinare. I alle fall kom han med to fine gule potteplantar til meg, så no har eg det enda finare, Håper berre at potteplantane overlever- bukettane gjer ikkje det uansett, men eg har mykje fint å sjå på no.
Eg laga middag til Einar og meg i dag, og til dessert hadde vi marsipankake og kaffi. Han fortalde litt frå Oslo, han hadde no vore i lag med Audun innimellom, men Ingeborg bur på Nordstrand så der hadde han ikkje vore.
Etter at eg hadde rydda opp sånn passeleg tok eg ein runde på Vernet, det er sånn lavterskel trim, men betre enn ingen ting.No har eg hatt ei god stund framfor TV-en med strikketøy.
Der er eit program som heiter "Barnesykehuset", det likar eg å sjå. Det er kjekt å sjå kor mange flinke voksne som er der for barna. Og i kveld vart det født trillingar Eg synest programmet er opplysande og lærerikt, og som pensjonert lærar likar eg program der ein kan lære noko.
No skal eg strikke litt meir på lesten min, eg er veldig frista til å ta eit stykke med marsipankake, men eg skal ikkje gi etter. I morgon er det trim på programmet og det er bra.
Her ser vi mot Hovdebygda