mandag, mars 24, 2025

 

                                          Slik var det ikkje i går,nei.

No er klokka 16 45, temperaturen ute er +5-6 graderC, og det regnar og regnar, så i dag blir det ikkje tur på Vernet. Eg har no vore LITT aktiv i dag. Det første eg gjorde etter morgonstellet var å fare til Vik. Eg måtte vente til klokka var 10, for det er då dei opnar på ALTI. DEt er skulle ha der var blekk til printeren. Og det fekk eg på Clas. Men først var eg innom legesenteret og skulle ha ny resept på tablettar. Eg berre seier i frå i luka, så ordnar dei resten.

Eg torde ikkje å begynne å sette inn blekkpatrona sjølv. For lenge sidan var det ikkje problem, men så var det ein gong det skar seg, så no ville eg ha hjelp. Hjelpa er i kjellaren, han har lova å komme opp. Eg har bruk for skrivaren no, fordi eg treng den til Spansk-leksa,eg har laga ferdig tekstane for hand, så blir det berre å skrive om att på maskina.

Men det står på vent så lenge, det er ikkje spanskkurs før onsdag. Men eg laga ein kakebotn i dag, den såg litt rar ut synest eg, men det er ei kake som eg har laga fleire gonger før. Det blir ei enkel feiring fredag, berre aller nærmaste familie.

Eg saknar Rasmus. Då han og eg laga 60-årsdag hadde vi det kjekt, men det var som ein sommardag 26. oktober. Veret er veldig vekslande for tida, i går var det sol og sommar, men ikkje i dag. Eg orkar ikkje å gå tur i dag , men i morgon etr det trening igjen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025

Klokka er no19.45 , temperaturen ute er +10 graderC og det har vore fint ute i dag-men eg har vore inne. I dag er det 85 år sidan eg først s...