Klokka er no 18.40, temperaturen ute er +6 grader C og det regnar. Tidlegare i dag var det opplett og ganske fint -ei stund. "Regn i morgen" står det på skjermen.
Vi var på trening i dag, Marit og eg, og etterpå gjekk eg ein runde på Vernet; akkurat då var det opplett og ganske fint. Der var ein del folk der oppe i dag også, men ingen eg kjende.
Eg laga meg mat då eg kom heim , fyrte i omnen etc. Då kom Helge, eg hadde kontakta han då eg ikkje fekk i orden printeren. Den er ikkje i orden enno,men Helge trur at han veit kva som er feilen. Eg skal kontakte Rasmus og høyre kva han seier.Maskina var no heilt i orden heilt til det var slutt på blekket.Printeren har eg brukt i mange år, utan å ha hatt trøbbel med den- det eg kan hugse.
Spanske-leksa mi hadde eg gjort på maskina, så no måtte eg gjere alt om att -skrive med hand etc. Men det er no ikkje så gale. Det er kjekt å lære spansk, men ikkje å gjere lekser.Eg trur at vi berre har tre gonger att, for vi sluttar til påske. Eg er ingen kløpper i spansk, men eg greier å lære meir åleine no når eg har litt grunnlag.Eg skal ikkje bruke spansken til noko, berre hovud-trim-.
I morgon er det spansktime 11-13, og det er no kjekt å vere i lag med folk uansett.
Eg hadde bestemt at eg ikkje skulle gå på Vernet dei dagane eg hadde trening, i går gjekk eg ikkje på trening fordi det regna, så eg tok like godt ein runde i dag, for kneet var heilt i orden.
Fonnvernet i dag-ikkje alle dagar sola skin.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar