onsdag, mars 26, 2025

Dagbok 2025: 26.mars

Klokka er no17.03, temperaturen ute er +8 grader og det regnar. Eg kom akkurat att frå ein tur på Fonnvernet, syntest eg måtte komme meg ut aldri så lite.

Eg er ikkje akkurat så opplagt til å gjere noko som helst, for eg er konstant trøtt i mangel på søvn. Eg søv når eg legg meg, men vaknar så altfor tidleg, denne veka har eg ete frokost i 4-5 tida om morgonen.Det skal det bli slutt på.Eg kavar meg vel litt for mykje opp når desse "maskinene" mine ikkje virkar slik dei skal, eg er veldig avhengig av at PC-en og printeren virkar som dei skal, når eg skal gjere spansk-leksa mi til dømes. Ja, no er det berre to gonger igjen på dette semesteret.

I dag kadde vi kurs, vi held til i den nye Ørstahallen i 2.etasje.Då eg kom heim att laga eg skikkeleg middag, det gjer eg ikkje kvar dag. Og så har eg gått tur i regnveret. Prøver å komme meg ut og gå minst 5 dagar i veka. I morgon er det trening så då kan eg ta tur-fri.

Det er rart å sjå ut i dag, det er eit heilt anna syn i dag enn det var søndag, då var det skikkeleg sol og sommar. Eg synest tida går meir enn fort nok-men ser fram mot sol og sommar. Det gjer vi vel alle. Og så gleder eg meg til å få sommartid komande helg. Då kan det hende at  eg ståt opp til ei meir høveleg tid.

No skal eg rydde litt her og der og så blir det vel TV og strikketøy utover kvelden.

                                      Ein regnversdag på Fonnvernet,

Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...