Klokka er no19.46, temperaturen ute er+10 graderC, og i dag har vi hatt enda ein fin solskinnsdag . Eg valde å ta turen på Vernet tidleg på dag,men eg var der ikkje åleine. Dessverre hadde eg lite straum på telefonen så eg fekk ikkje tatt meir enn eit bilde. Kvar gong eg går der oppe må eg verkeleg beundre utsikta.
Elles har eg ikkje gjort så mykje i dag.Eg fekk endeleg tatt singelen frå plenen og dit den høyrer heime, Så sat eg oppe på benken med Marit ei stund. Her heime starta eg med spanskleksa, men eg hadde ikkje blekkpatron i skrivarewn så det må eg ha før eg kanfjere meg ferdig.
Solveig kom i 17 -tida og hadde med seg heimelaga bollar og potteplantar til meg.Vi hadde som vanleg mykje å snakke om. Eg har heldigvis begge jentene mine så nær at eg får sjå dei relativt ofte-litt synd at Rasmus er så langt borte, men dei har konfirmant i år, så då får vi reise til dei.
I dag har Ingeborg, eldste jenta til Margrete, fødselsdag, ho er vaksen no og jobbar som lærar på Nordstrand i Oslo.Ho er blitt 32 år,tida går så altfor fort. Særleg når ein blir gamle. Synest eg.
Det er så utruleg fint no om dagane, blå himmel og sol, grøn plen med masse krokus, neste helg får vi sommartid og det set eg pris på, for då får eg stå opp litt tidlegare.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar