torsdag, mars 20, 2025

Dagbok 2025: 20.mars


 Klokka er no21.55. Temperatuen ute er +5 grader. Det har vore opplett og litt sol i dag; ein fin vårdag. Vi var på trening i dag, Marit og eg, og så handla vi på KIWI på heimvegen -som vanleg.

Det var fint tur-ver så eg fekk lyst å gå på Vernet. Eg hadde eigentleg bestemt meg for å la vere å gå tur etter trening, men så kom eg på at eg skulle i gravferd i morgon , så kunne eg heller ta "fri" då.

Det var fint på Vernet i dag , verken sol eller regn. Eg har ikkje gjort noko særleg i huset i dag, men har sete og strikka for det meste og sett nyhende på TV. Eg har venta på ein telefon og eg ventar framleis.Eg har ikkje så mykje å skrive om i dag. Det kan bli meir i morgon.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 23.mars

I dag fekk eg tatt berre eitt bilde på Fonnvernet fordi eg mangla straum på telefonen.Dette bide er tatt nær vegen som gå opp i Skåla. Her s...