Klokka er no15.25 og temperaturen ute er + 12-13 grader,og sola skin.Det er fint utever , men eg held meg inne ei stund til. Eg er nettopp ferdig med fredagsvasken,for eg vaska ikkje før eg for i kyrkja.Det er lenge sidan eg jobba på Velle skule, og mange av kollegaene har gått bort i den tida som har gått. Dei har stort sett vore eldre enn eg. Men ho som vart gravlagd i dag var 5 år yngre enn eg, så det var spesielt.Ho hadde berre to barn, men mange barnebarn og oldebarn.Eg hadde ikkje sett henne på mange år enda vi ikkje bur langt frå kvarandre, seg trudde ho var flytta frå Ørsta når eg aldri såg henne. Men så var det ei eg snakka med for eit par veker sidan, som fortalde at ho var veldig sjuk. Så eg eg visste lkorleis det var då dødsannonsen komDEt var eifin gudsteneste, berre synd at vi sat så langt bak at vi ikkje såg verken kista eller blomstrane.Eg var i lag med to som eg har jobba i lag med, men då eg kom ut av kyrkja var det så mange som ville snakke med meg. Det var tidlegare kollegaer som eg ikkje har sett på lenge, og dei ville no vite korleis eg hadde det.Det viste seg at eg var både sprekare og friskare enn dei (Dette gjeld berre nokre få) Verken eg eller dei som eg kom i lag med, vart med på grava og på samkoma i bedehuskjellaren etterpå.
No har eg tatt resten av fredagsvasken, tok berre litt før eg for, og no har eg lyst ut , for sola skin. Seinare i kveld skal eg opp til Marit og sjå The Voice verken Marit eller eg synest at programmet er så kjekt, men vi synest det er kjekt å sitte og prate mens vi ser.
Det er krokus overalt på plenen
Krokus i beddet nedafor altanen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar