onsdag, mars 05, 2025

Dagbok 2025: 5.mars

 


Her har vi 5 flotte damer i Sognebunad: Solveig, Margete, Ingeborg, Tone og Anne Marie



Klokka er no 18.24, ute er det mørkt og det silregnar. Eg kom meg ikkje ut på tur i dag heller, så det har vore ein lat dag.

Spansktimen begynner klokka 11, så eg har god tid til å til dømes vaske håret. I dag var der ein ekte spanjol på besøk ei lita stund, og dei mest modige snakka med han på spansk. Det gjorde ikkje eg. Etter spansken var eg og fylte bensin, og det nye kortet mitt funka fint.

Då eg kom heim sette eg meg til å jobbe med spansken. Eg har tusen andre ting eg skulle ha gjort i huset, men då må det vere litt anna ver.

Eg har laga meg litt mat, strikka og sett  nyheiter. Det ser ut som TRUMP har kome på betre tankar når det gjeld UKRAINA, men ein veit aldri. Eg stoler ikkje heilt på den karen.

I dag fyller Tone , dottera til systra til Nils 70 år. Eg husar at ho var i 3-årsalderen då eg kom til Solund. Eg hugsar Anne Marie kom på besøk til foreldra og hadde med seg dei to små. Dei budde då på ei øy sør for Sognefjorden. Etter at Tone gifta seg med Knut , bygde dei hus på Hardbakke og der har dei budd sidan.Dei har både barn og barnebarn som bur i nærleiken.

I morgon er det trening igjen, så då har eg noko å gå til, og treffe folk. Det er ikkje slik at eg vantrivst åleine, men eg likar no å vere i lag med folk også.Det er mykje som skulle ha vore gjort her heime , men eg treng litt betre ver. No blir det mykje til at eg sit og strikkar framfor TV-en.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 27.april

  Klokka er no18.00, temperaturen ute er + 11grader C. det har vore opplett før i dag, men akkurat då eg skulle gå tur begynte det å regne.E...