Han skal konfirmerast denne våren. Han og familien bur på Kongsberg.
Klokka er no 17.30. Ute regnar det og blæs, så eg orkar ikkje og vil ikkje gå tur på Vernet.
Vi fekk fri frå treninga i dag, så det vart liksom ein fridag. Eg har sete med Sudkuen, og den fekk eg til, verre er det med spansken. Vi har lekse til i morgon, og eg forstår teksten godt, men å hugse den er verre. Men det får stå sin prøve.
Eg har ikkje gjort mykje i dag, har sete og pirka med spansken, og med sudokuen-den fekk eg fort i hamn. Marit kom ned ein tur såpass vi fekk prate litt, og det var no kjekt.
Elles så fekk eg støvsuga teppegolva mine, så er det gjort. Eg fyrte i omnen og hadde det godt og varmt ei stund, men no må eg visst ut og hente meir ved, for det er litt huskaldt på grunn av vinden. Eg håper at vi får eit anna ver snart, ----men det varte og rakk før vind og regn stilna av og no kan eg slutte av for i dag.
Håper Ingar har hatt ein fin dag.I morgon skal eg på spansk-kurs igjen. Eg trur ikkje spansk er noko for meg-men eg har no prøvd.
Det som bekymrer meg, og sikkert dei fleste andre er korleis det skal gå med alt- no som Trump skal styre verda.Noko slikt som han driv med kunne eg ikkje med min verste tanke forestille meg. Han er no heilt gal!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar