søndag, september 07, 2025

Dagbok 2025: 7.sepember


                              Den siste rosa for sommaren,kanskje?

Klokka er no16.56, temperaturen ute er+18 grader, og no et det skyer på himmelen,for eit par timar sidan var det strålande sol og varmt.

Eg har hatt ein relativt kjedelig søndag, noko eg sikkert kan takke meg sjølv for. På føremiddagen sat eg og såg TV mens eg gjorde ferdig ein liten lest som eg strikka på.

Etterpå gjekk eg ein tur på Vernet, i dag gjekk eg mot sola til ein forandring. Der var ikkje så mange ute og gjekk i dag, og ingen eg kjende.  Eg er glad for at eg greier å gå igjen, men i dag hadde eg stav.

Då eg kom heim laga eg litt mat og etter at eg hadde ete gjekk eg opp til Marit som sat ute på Platten. Vi har alltid noko å snakke om.

Eg gjekk ut for å sjå om der var noko fint å ta bilde av, men det var ikkje mykje. Eg har fleire sortar med klematis, men i år har det vore lite blomstring mot som det brukar å vere. 

Det som trivst i år er graset, det har eg mykje av, så no må eg få tak i bensin, så eg får slå. Problemet er at eg ikkje kan å fylle bensin på småbåthamna, så eg må ha ein kvan med meg. Elles så skal eg no ned å stemme i morgon, så kanskje eg ser ein redningsmann der?

Eg er lens for garn også, så kanskje eg stikk innom den nye garnbutikken- eg veit ikkje om den er opna enno.

Denne mørkeblå-lilla klematisen har eg tre av, men berre denne blomstrar -så langt , og det  er seinare enn det brukar å vere. Vi har hatt ein underleg sommar. Det som trivst best no er mosen.

 Eg var nede i hagen og såg etter bær, men no var der ingen ting.

lørdag, september 06, 2025

Dagbok 2025: 6.september


I dag vakna eg til blå himmel og sol,  og det såg ut til at veret ville vare. Det har det gjort, og no skin sola som ho har gjort i heile dag, temperaturen på skuggesida er +16 grader.

Etter at eg var fedig med morgonstellet visste eg ikkje kva eg skulle finne på i dag,men freistinga til å ta ein tur på Vernet tok overhand. 

Eg tok med god tid, sat på nesten alle benkane og sola meg. Eg trefte ingen eg kjende, dessverre. Men det var så kjekt å vere der oppe uansett og sjølv om eg vart litt låk i foten.


Eg trur det erParkvesenet eller kva dei heiter som syter for at det blir blomster på Vernet også.


                 Sola skein fint i dag og sene heldt seg på avstand, fjellet vi ser er                        Melshornet.

Eg gjekk heile runden i dag, utan stav, og det gjekk bra, men eg kjende på noko i venstrefoten, så eg er litt forsiktig.


                  Her går vegen rett vest og vi ser rett på Helgehornet.


                Frå vegen ser vi ned på fjorden og vi ser sjølvsagt også mykje av                         sentrum. 

Då eg kom heim åt eg middag, som var restar frå i går. Litt seinare gjekk eg opp til Marit, som sat ute. Etter ei stund kom det ei Marit til, så fekk vi høyre litt nytt frå henne også, og hennar familie. Vi har budd her lenge i lag og eg synest vi har gode naboar. Og det er godt å ha. 

No er det snart på tide å sette på TV-en og høyre om alt det vonde som skjer i verda, det er ikkje kjekt og det er lite ein kan hjelpe til med. Mandag skal eg stemme, for eg har ikkje gjort det på førehand. 

fredag, september 05, 2025

Dagbok2025: 5.september

 

                          For nokre dagar sidan låg eg  og sola meg her



Klokka er no 17.33, temperaturen ute er +16 grader C, det er skya og somme tider regnar det litt. Eg har ikkje vore så mykje ute i dag at det har plaga meg.

Eg fekk melding i går om at Einar ville komme og male litt i dag, der var nokre små umåla flekkar som skulle vekk. 

Når Einar er her så brukar eg å lage middag som vi et i lag. Ofte har det vore kjøttkaker. I dag hadde eg ikkje noko i hus, så eg køyrde på butikken og handla, ferdiglaga kjøttkaker til dømes. Før eg for hadde eg laga rikeleg med brun saus og skrella poteter etc. , så då eg kom heim var det ikkje stort meir å gjere.

Einar kjem alltid presis; når han har sagt eit tidspunkt så er han der på minuttet, nesten. Han mala ferdig det han skulle, så åt vi og drakk kaffi  før han måtte fare igjen.

Då eg vart åleine henta eg inn avisa og gjekk igjennom den. Eg las ein artikkel om ei dame som døydde nyleg. Ho og Margete var nære venninner i ungdommen , då dei begge var gifte med to kameratar, ja kvar sin altså.  Dama, som heitte Kari Janne, vart brått svært sjuk og var innom fleire sjukehus utan at dei greidde å berge henne.Ja, dei som er interiserte kan lese sjølv. Der har vore myke lesestoff i Møre-nytt i det siste, men i dag hadde dei sløyfa sudokuen, så då har eg ikkje noko å grunde på i helga.

I dag går eg rundt og trur at det er laurdag fordi eg tok "fredagsvasken" i går.

Eg har fått 2 telefonar i dag, men eg svarer ikkje i telefonen utan at eg veit kven det er som ringer, så eg må slå opp nummeret og eventuelt ringe opp att. Grunnen? Eg klarer ikkje så godt å høyre/forstå kva som blir sagt. Derfor seier eg til dei eg kjenner at dei skal bruke Messenger i staden viss det er noko dei vil meg. Eg likar ikkje desse nye telefonane, dei gamle var mykje kjekkare å prate i. Men dei nye telefonane er mykje meir enn telefon, og derfor må ein ha dei.

I går klaga eg over at eg hadde fått att tinnitusen, men hendigvis så dempa den seg mykje, så no er det berre så vidt eg høyrer den. Det er mykje som følgjer med det å bli gammal-det er ikkje berre eit tal når ein er 85. Men eg føler meg frisk -og det er godt.


torsdag, september 04, 2025

Dagbok 2025: 4.september


 Klokka er no16.54, temperaturen ute er +18 graderC, det er skya, men eg meiner at det har regna også. Eg har ikkje følgt så nøye med, for eg har vore inne heilt sidan eg kom heim frå treninga.

Eg hadde ikkje noko spesielt på timeplanen i dag, så eg tok like godt fredagsvasken ein dag for tidleg, så kan eg ha fri i morgon.

Men så skjedde det noko som eg slett ikkje likar. For mange år sidan, kanskje 20, fekk eg tinnitus, og det hadde eg i mange år sikkert ti i alle fall. Etter kvart stilna det og lyden vart borte i mange år. Men så for ei par år sidan kom det tilbake,  det vart ikkje så mykje  og etter kvart vart det stilt. Heilt til i dag. Eg sat og såg TV, og plutseleg var lyden i øyret og no veit eg ikkje korleis det blir. Eg las ein stad for noko sidan at det  var muleg å få bort tinnitus, men no veit eg ikkje kvar eg såg det. Viss eg skal plagast med dette ein gong til - så veit eg ikkje ....

Elles har eg det bra. Eg gjekk på Vernet i går, heile runden  utan å få vondt i foten, så det var no bra. Kanskje eg tek ein tur no også, for å sjå om eg kan få bort tinnitusen,




onsdag, september 03, 2025

Dagbok 2025: 3.september


 Klokka er no18.40, temperaturen ute er +18 grader. Det har vore delvis skya i dag, men ei stund var det fin og varm sol.

Eg hadde ingen plan for dagen, men då eg såg at Erlend hadde sett klar kantklipparen, fekk eg blod på tann. Eg hamna nedst i hagen der eg skar ned restane av to store blomsterrøter. Det var ganske mykje arbeid i å få rydda opp.Eg tok også og hadde ny mold over det som var att, så såg det litt betre ut, og kanskje blir der ei lita "tue", om blomstrane kjem lenger opp. Ikkje veit eg.

 Etterpå prøvde eg å fjerne gras og mose frå muren.; men kantklipparen var tom for sen før eg var heilt ferdig. Eg likar godt å jobbe i hagen, men det er ein som ikkje likar det og det er ryggen min. Eg måtte slutte av før eg eigentleg ville. Tok meg litt lunsj før eg gjekk opp til Marit og sat på Platten ei stund, mens det var nydeleg  varm sol.

Då eg kom ned att la eg meg på solsenga på altanen ei stund, men det varte ikkje så lenge før sola vart borte. Då gjekk eg inn og strikka ferdig ein lest.

Eg skulle eigentleg ha klipt plen såg eg i dag, for no har graset vakse- Men eg har ikkje meir bensin, så det må eg skaffe meg.

I morgon er det trening, det er litt godt å ha noko å gå til-og treffe folk. Dei som eg trenar i lag med er stort sett gamle damer og vi har vore i lag i mange år. Men somme tider kjem der nye også. Der er godt å vere for alle er hyggelege.



tirsdag, september 02, 2025

Dagbok 2025: 2.september



Klokka er no 20.00, temperaturen ute er +17 grader. Det har vore bra ver i dag, opplett og sol av og til. Marit og eg var på trening i , og etter treninga handla vi på KIWI, som vanleg. Men akkurat då vi skulle køyre heim, ringde Marit sin telefon. Ho skulle komme på legesenteret og ta blodprøve. Det var no heilt greit, det var berre å køyre ned med det samme. Og ho fekk tatt prøvene, så for vi heim. 

Eg brukar å seie at bilen min varskuar når han vil ha bensin,  bensinmålaren virkar ikkje. Men i går og i dag hadde eg kjensle av at bilen måtte ha bensin. Eg gruar meg alltid til å fylle, for eg er ikkje blitt vand med å fylle med kort. Så då vi kom heim tenkte eg at eg kunne utsette det til i morgon, og var på veg inn i garasjen med bilen. Men der blinka det raudt på bensinmålaren, som eigentleg ikkje virkar, og eg var snar til å komme meg av garde. Eg ber om hjelp når eg skal fylle og det får eg, så eg treng ikkje vere så skeptisk.

Eg tok meg litt mat då eg kom heim, og eg var så trøtt at eg la meg inn på dagsenga, men eg sov ikkje. Etter ei stund bestemte eg meg for å gå ein tur på Vernet sjølv om eg ikkje er heilt god i foten. I dag gjekk eg heile runden, ikkje fort, og så sat eg på benkane. Eg kjende det sjølvsagt i foten, men det gjekk relativt bra.

No har eg sete og prøvd å få orden på TV-en. Det er eit kvart som ikkje virkar som det skal, men til slutt fekk eg no sjå og høyre litt. Høyrde i alle fall at ungdommane hadde stemt på Listhaug. Litt komisk når ein tenkjer tilbake på dei som stifta partiet. Eg hugsar EGGELIKØR og gamle menn.



 

mandag, september 01, 2025

Dagbok 2025: 1.september


 Klokka er no17.05, temperaturen ute er+ 17 grader C og det regnar. Og eg likar det ikkje, eg får ikkje gjort noko verken ute eller inne slike dagar, brukar energien på å ergre meg over alt eg ikkje kan gjere. Men eg har sete lenge oppe hos Marit i dag, så vi har fått ergra oss i lag over både ver og anna som vi ikkje er fornøgde med-det hjelper å få utløp for irritasjonar.

På føremiddagen sat eg og strikka, men så måtte eg rekke opp  og begynne på igjen-det var også litt irriterande. I morgon skal vi på trening, så då får vi litt anna å tenkje på. Og så håper eg vi slepp regn, for eg har mykje eg vil gjere ute.

No blir det vel å strikke ferdig lesten eg held på med. Dagen har i grunnen gått veldig fort-altfor fort. Og viss eg set på TV-en får rg vel sjå at det har hendt mykje meir i verda enn det vi har opplevd her.

No skal eg sjå å få ferdig den lesten------


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...