Klokka er no18.40, temperaturen ute er +18 grader. Det har vore delvis skya i dag, men ei stund var det fin og varm sol.
Eg hadde ingen plan for dagen, men då eg såg at Erlend hadde sett klar kantklipparen, fekk eg blod på tann. Eg hamna nedst i hagen der eg skar ned restane av to store blomsterrøter. Det var ganske mykje arbeid i å få rydda opp.Eg tok også og hadde ny mold over det som var att, så såg det litt betre ut, og kanskje blir der ei lita "tue", om blomstrane kjem lenger opp. Ikkje veit eg.
Etterpå prøvde eg å fjerne gras og mose frå muren.; men kantklipparen var tom for sen før eg var heilt ferdig. Eg likar godt å jobbe i hagen, men det er ein som ikkje likar det og det er ryggen min. Eg måtte slutte av før eg eigentleg ville. Tok meg litt lunsj før eg gjekk opp til Marit og sat på Platten ei stund, mens det var nydeleg varm sol.
Då eg kom ned att la eg meg på solsenga på altanen ei stund, men det varte ikkje så lenge før sola vart borte. Då gjekk eg inn og strikka ferdig ein lest.
Eg skulle eigentleg ha klipt plen såg eg i dag, for no har graset vakse- Men eg har ikkje meir bensin, så det må eg skaffe meg.
I morgon er det trening, det er litt godt å ha noko å gå til-og treffe folk. Dei som eg trenar i lag med er stort sett gamle damer og vi har vore i lag i mange år. Men somme tider kjem der nye også. Der er godt å vere for alle er hyggelege.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar