Klokka er no 20.00, temperaturen ute er +17 grader. Det har vore bra ver i dag, opplett og sol av og til. Marit og eg var på trening i , og etter treninga handla vi på KIWI, som vanleg. Men akkurat då vi skulle køyre heim, ringde Marit sin telefon. Ho skulle komme på legesenteret og ta blodprøve. Det var no heilt greit, det var berre å køyre ned med det samme. Og ho fekk tatt prøvene, så for vi heim.
Eg brukar å seie at bilen min varskuar når han vil ha bensin, bensinmålaren virkar ikkje. Men i går og i dag hadde eg kjensle av at bilen måtte ha bensin. Eg gruar meg alltid til å fylle, for eg er ikkje blitt vand med å fylle med kort. Så då vi kom heim tenkte eg at eg kunne utsette det til i morgon, og var på veg inn i garasjen med bilen. Men der blinka det raudt på bensinmålaren, som eigentleg ikkje virkar, og eg var snar til å komme meg av garde. Eg ber om hjelp når eg skal fylle og det får eg, så eg treng ikkje vere så skeptisk.
Eg tok meg litt mat då eg kom heim, og eg var så trøtt at eg la meg inn på dagsenga, men eg sov ikkje. Etter ei stund bestemte eg meg for å gå ein tur på Vernet sjølv om eg ikkje er heilt god i foten. I dag gjekk eg heile runden, ikkje fort, og så sat eg på benkane. Eg kjende det sjølvsagt i foten, men det gjekk relativt bra.
No har eg sete og prøvd å få orden på TV-en. Det er eit kvart som ikkje virkar som det skal, men til slutt fekk eg no sjå og høyre litt. Høyrde i alle fall at ungdommane hadde stemt på Listhaug. Litt komisk når ein tenkjer tilbake på dei som stifta partiet. Eg hugsar EGGELIKØR og gamle menn.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar