Klokka er no17.05, temperaturen ute er+ 17 grader C og det regnar. Og eg likar det ikkje, eg får ikkje gjort noko verken ute eller inne slike dagar, brukar energien på å ergre meg over alt eg ikkje kan gjere. Men eg har sete lenge oppe hos Marit i dag, så vi har fått ergra oss i lag over både ver og anna som vi ikkje er fornøgde med-det hjelper å få utløp for irritasjonar.
På føremiddagen sat eg og strikka, men så måtte eg rekke opp og begynne på igjen-det var også litt irriterande. I morgon skal vi på trening, så då får vi litt anna å tenkje på. Og så håper eg vi slepp regn, for eg har mykje eg vil gjere ute.
No blir det vel å strikke ferdig lesten eg held på med. Dagen har i grunnen gått veldig fort-altfor fort. Og viss eg set på TV-en får rg vel sjå at det har hendt mykje meir i verda enn det vi har opplevd her.
No skal eg sjå å få ferdig den lesten------

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar