Klokka er no21.04, temperaturen ute er +17 grader, det er overskya , men opplett. Eg kom nettopp heim frå selskap hos Margrete. Svein henta meg her heime ca kl.15 og vi tok ferja til Folkestad. Amanda og Martin var alt på plass då vi kom. Margrete har to hundar ein mørk litt gammal - Charlie og ein lys som er ung- Dennis heiter han. Amanda har halvbroren til Dennis, Albert. Og alle hundane er glade for å få besøk-trur eg.
Magrete hadde laga ein ny rett til middag, og den var god. Vi åt og prata om alt mellom himmel og jord. Og så fekk vi dessert, kaker og kaffi. Og alt var godt Eg sat på med Svein tilbake til Ørsta, og vi var heldige for vi rakk akkurat ferja, så vi slapp å køyre rundt.
På føremiddagen var eg heime, strikka litt og såg TV. Og så var eg oppe med Marit ei stund.
Margrete og Amanda, begge oppkalt etter mor mi, som heitte Amanda Margrete.
Bilda eg har tatt i dag er ikkje mykje å skryte av, eg har berre knipsa litt.
Far min vart fødd den 31.august1899, så i dag tenkte eg litt spesielt på han. Han døde i 1961, så han vart ikkje så gammal.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar