Den siste rosa for sommaren,kanskje?
Klokka er no16.56, temperaturen ute er+18 grader, og no et det skyer på himmelen,for eit par timar sidan var det strålande sol og varmt.
Eg har hatt ein relativt kjedelig søndag, noko eg sikkert kan takke meg sjølv for. På føremiddagen sat eg og såg TV mens eg gjorde ferdig ein liten lest som eg strikka på.
Etterpå gjekk eg ein tur på Vernet, i dag gjekk eg mot sola til ein forandring. Der var ikkje så mange ute og gjekk i dag, og ingen eg kjende. Eg er glad for at eg greier å gå igjen, men i dag hadde eg stav.
Då eg kom heim laga eg litt mat og etter at eg hadde ete gjekk eg opp til Marit som sat ute på Platten. Vi har alltid noko å snakke om.
Eg gjekk ut for å sjå om der var noko fint å ta bilde av, men det var ikkje mykje. Eg har fleire sortar med klematis, men i år har det vore lite blomstring mot som det brukar å vere.
Det som trivst i år er graset, det har eg mykje av, så no må eg få tak i bensin, så eg får slå. Problemet er at eg ikkje kan å fylle bensin på småbåthamna, så eg må ha ein kvan med meg. Elles så skal eg no ned å stemme i morgon, så kanskje eg ser ein redningsmann der?
Eg er lens for garn også, så kanskje eg stikk innom den nye garnbutikken- eg veit ikkje om den er opna enno.
Denne mørkeblå-lilla klematisen har eg tre av, men berre denne blomstrar -så langt , og det er seinare enn det brukar å vere. Vi har hatt ein underleg sommar. Det som trivst best no er mosen.
Eg var nede i hagen og såg etter bær, men no var der ingen ting.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar