I dag har vi hatt ein fin dag, med sol og varme, skikkeleg "Indian summer".
Eg sov lenge i dagmorgon, noko som eg sjeldan gjer. Etter morgonstell, mat etc, køyrde eg ned til Kulturhuset og stemte. Det var fort gjort, lite folk var der også, at det var mange bilar utanfor hadde ein annan grunn. På heimvegen handla eg på KIWI:
I dag hadde eg tenkt å klippe plen, og eg var så heldig at naboane mine kjøpte bensin til meg- det er litt innvikla å kjøpe bensin på småbåthamna.
Det var mykje å klippe i dag, både rundt huset og i Skråninga. Rundt huset er det ok , men i Skråninga er det tungt, så der klipte eg utan oppsamlar. Men eg kom i mål på ein måte, sjølv om der ikkje ser så fint ut. Når det er så tungt å klippe kjem det av all mosen som er der, den skulle ha vore vekk. I morgon når graset har tørka litt må eg ta riva og rake opp graset og ha det i sekker. Ja, ja, det er godt å ha noko å henge fingrane i.
Då det nærma seg kveld var eg opp til Marit og vi sat ute i nydeleg solskin, til sola gjekk ned. No har eg sett på TVen for å få høyre litt om kven som er valde og kven som ikkje får vere med lenger. Men det blir vel lengt på natt før det er klart -og i morgon skal vi på trening, så det er vel best å legge seg i normal tid.
Fin ettermiddag


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar