I dag vakna eg til blå himmel og sol, og det såg ut til at veret ville vare. Det har det gjort, og no skin sola som ho har gjort i heile dag, temperaturen på skuggesida er +16 grader.
Etter at eg var fedig med morgonstellet visste eg ikkje kva eg skulle finne på i dag,men freistinga til å ta ein tur på Vernet tok overhand.
Eg tok med god tid, sat på nesten alle benkane og sola meg. Eg trefte ingen eg kjende, dessverre. Men det var så kjekt å vere der oppe uansett og sjølv om eg vart litt låk i foten.
Eg trur det erParkvesenet eller kva dei heiter som syter for at det blir blomster på Vernet også.
Sola skein fint i dag og sene heldt seg på avstand, fjellet vi ser er Melshornet.
Eg gjekk heile runden i dag, utan stav, og det gjekk bra, men eg kjende på noko i venstrefoten, så eg er litt forsiktig.
Her går vegen rett vest og vi ser rett på Helgehornet.
Då eg kom heim åt eg middag, som var restar frå i går. Litt seinare gjekk eg opp til Marit, som sat ute. Etter ei stund kom det ei Marit til, så fekk vi høyre litt nytt frå henne også, og hennar familie. Vi har budd her lenge i lag og eg synest vi har gode naboar. Og det er godt å ha.
No er det snart på tide å sette på TV-en og høyre om alt det vonde som skjer i verda, det er ikkje kjekt og det er lite ein kan hjelpe til med. Mandag skal eg stemme, for eg har ikkje gjort det på førehand.





Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar