fredag, september 05, 2025

Dagbok2025: 5.september

 

                          For nokre dagar sidan låg eg  og sola meg her



Klokka er no 17.33, temperaturen ute er +16 grader C, det er skya og somme tider regnar det litt. Eg har ikkje vore så mykje ute i dag at det har plaga meg.

Eg fekk melding i går om at Einar ville komme og male litt i dag, der var nokre små umåla flekkar som skulle vekk. 

Når Einar er her så brukar eg å lage middag som vi et i lag. Ofte har det vore kjøttkaker. I dag hadde eg ikkje noko i hus, så eg køyrde på butikken og handla, ferdiglaga kjøttkaker til dømes. Før eg for hadde eg laga rikeleg med brun saus og skrella poteter etc. , så då eg kom heim var det ikkje stort meir å gjere.

Einar kjem alltid presis; når han har sagt eit tidspunkt så er han der på minuttet, nesten. Han mala ferdig det han skulle, så åt vi og drakk kaffi  før han måtte fare igjen.

Då eg vart åleine henta eg inn avisa og gjekk igjennom den. Eg las ein artikkel om ei dame som døydde nyleg. Ho og Margete var nære venninner i ungdommen , då dei begge var gifte med to kameratar, ja kvar sin altså.  Dama, som heitte Kari Janne, vart brått svært sjuk og var innom fleire sjukehus utan at dei greidde å berge henne.Ja, dei som er interiserte kan lese sjølv. Der har vore myke lesestoff i Møre-nytt i det siste, men i dag hadde dei sløyfa sudokuen, så då har eg ikkje noko å grunde på i helga.

I dag går eg rundt og trur at det er laurdag fordi eg tok "fredagsvasken" i går.

Eg har fått 2 telefonar i dag, men eg svarer ikkje i telefonen utan at eg veit kven det er som ringer, så eg må slå opp nummeret og eventuelt ringe opp att. Grunnen? Eg klarer ikkje så godt å høyre/forstå kva som blir sagt. Derfor seier eg til dei eg kjenner at dei skal bruke Messenger i staden viss det er noko dei vil meg. Eg likar ikkje desse nye telefonane, dei gamle var mykje kjekkare å prate i. Men dei nye telefonane er mykje meir enn telefon, og derfor må ein ha dei.

I går klaga eg over at eg hadde fått att tinnitusen, men hendigvis så dempa den seg mykje, så no er det berre så vidt eg høyrer den. Det er mykje som følgjer med det å bli gammal-det er ikkje berre eit tal når ein er 85. Men eg føler meg frisk -og det er godt.


Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...