onsdag, august 20, 2025

Dagbok 2025: 20.august

Akkurat no

Klokka er 20.55, temperaturen ute er +11 grader C, det har vore overskya i heile dag, eg trur ikkje eg har sett sola, men eg trur ikkje det har regna heller. Eg har nesten ikkje vore ute for ei dør i dag, berre ein liten tur opp til Marit.

Eg hadde tenkte å ta fredagsvasken i dag,men ombestemte meg  og gjekk vidare på den jobben eg hadde begynt på, nemleg å rydde og vaske alle skuffer og skap i heile huset. Eg begynte tidleg i vår og held på framleis. Det er litt kjekt å halde på med dette, for eg finn mykje som eg ikkje har sett på lenge og som eg heilt har gløymt. Eg vaskar og rydder etter beste evne. No har eg fylt vaskemaskina med diverese tøy til dømes gardiner etc. Eg finn også ting som eg heilt har gløymt-men som er kjekt å sjå igjen. Eg synest det er greit å vite kva eg har, og kva eg må fjerne-eller kanskje andre vil ha det?

Midt på dagen var eg ein tur opp til Marit og sat der og prata ei stund. I morgon skal vi på trening begge to.

I går jobba eg hardt i hagen med plenslått av ein plen som er tjukk av mose. Det var tungt. Då eg hadde sete i ro inne ei stund etterpå og skulle røyse meg frå stolen, brølte eg fordi foten var frykteleg vond. Merkeleg nok var den fort bra igjen og i dag har eg ikkje kjent noko, når eg er på trening , trener eg berre eine foten og eg går enno ikkje på Vernet. Det skulle eg ønske at eg kunne. 

No skal eg feste trådane på lesteparet som eg nettopp har strikka ferdig. Solveig hadde kjøpt garn i Sverige, så det er det eg har strikka av no. Det går i tynt ullgarn og bambuspinnar nr. 2,5.  Bambusen er betre for hendene enn harde pinnar, for eg er no litt skada både her og der; er ikkje heilt bra i handa som eg braut for eit par år sidan til dømes.

Det går mot haust og kveldane vert mørkare for kvar dag. Sommaren var kort.

 

tirsdag, august 19, 2025

Dagbok 2025:19.august

                                                       Dette bildet er tatt kl.17 i dag.

Klokka er no 17.15, temperaturen ute er +16 grader. Det har vore bra ver i dag, ein god del sol, og opplett i alle fall.I dag starta treninga opp att etter ferien, og eg stilte opp, men ikkje Marit. Eg er ikkje god i venstre foten, så eg kan ikkje gjere alle øvingane, men er trener den friske foten og kroppen elles. Eg går ikkje på Fonnvernet heller, men det går bra å jobbe i hagen.

Etter at eg kom heim i dag sette eg i gang med å klippe gras og rydde i skråninga, det er litt av ein jobb fordi der er så mykje mose at alt blir tungt. Men etter kvart fekk eg klipt det meste av graset og rydda opp. Eg prøvde å klippe det arealet eg sådde til i sommar, og jammen gjekk det bra. Som sagt, det var tungt å klippe i dag, så til slutt klipte eg utan oppsamlar-det fekk vere bra nok. Eg lurer berre på korleis ein kan få bort mosen, det er den som gjer det tungt og vanskeleg.

Eg vart i alle fall svolten av all jobbinga så eg laga meg godt med mat då eg kom inn att, og etterpå sette eg meg i godstolen og såg TV. Men då eg skulle reise meg opp etter ei stund, brølte eg nesten, for då var foten forferdeleg vond, og eg greidde ikkje å gå i det heile tatt. Det varte berre ei lita stund, så gjekk eg utan problem, men eg har ein mistanke om at smertene kjem att, neste gong eg skal reise meg.

Eg håper berre at eg greier å halde på med hagearbeidet, for eg likar det, og noko må eg ha å styre med når eg ikkje kan gå tur. Viss dokke ser godt på bildet over, ser dokke naboen min som steller i sin hage. Ho og eg eig ein hekk i lag som vi har planar om å klippe denne hausten. 

Erlend som for det meste bur i sokkel-leilegheita her, er hos Margrete nokre dagar, og passar hundane m.m. For Margrete har det travelt ved skulestart -som vanleg. Eg er spent på å høyre frå alle lærarborna og -barneborna om korleis dei har det no. Det er alltid spennande å begynne på eit nytt skuleår-både for lærarar og elevar.Det veit eg av erfaring.

I morgon er det onsdag, og eg har tenkt på at eg kunne ta "fredagsvasken" på onsdag, så kan eg ta fri fredag-og kanskje finne på noko då. Eg skal i alle fall ha ein tur til Eid snart.
 

                          Såret etter plommetreet har ikkje grodd enno.


mandag, august 18, 2025

Dagbok 2025: 18.august


 Klokka er no 18.23, temperaturen ute er+14 grader C, det er nokså overskya, men opplett-.

I dag hadde eg bestemt meg for å sjå innom den nye blomsterbutikken i Vik for å sjå om der var plantar som varer ei stund. Før i tid hadde ein dei samme potteplantane i åresvis, no døyr dei etter ei kort tid- Den nye butikken er vel ikkje kome skikkeleg i gang enno, men det vart no til at eg kjøpte ein plante; eg har hatt slike før, dei har vart ei tid-men ikkje evig.

På bildet kan de sjå at det ligg ein fin løper. Den kom eg borti ein dag når eg rydda skap. Eg finn mange fine ting når eg ryddar, det er berre så dumt at eg ikkje alltid hugsar kven som har laga dei fine tinga. Eg veit berre at det ikkje er eg.

Solveig er den som har best greie på mat og kva som er bra å ete. Ho meinte at eg skulle ete banan, det er lenge sidan eg har hatt, men i dag kjøpte eg. Eg tok berre ein pakke som låg der, men det viste seg ar der var 6 store bananer-og det er mykje. Eg åt ein,og det var eit heilt måltid- men så har eg mat i mange dagar.

Eg hadde tenkt å klippe litt meir på ripsbuska i dag, forme den til nytt liv når våren kjem. Eg gjorde så godt eg kan med saks og sag, resultatet kjem ikkje før våren kjem.

I går kveld laga eg middag og det var rikeleg att til i dag. Etter eg hadde ete var det på med TV-en og fram med strikketøyet, men først måtte eg ha ei lita kvilestund for eg sov ikkje godt i natt så eg var litt trøtt.

Det som er litt kjekt er at alle kommenterer hårsveisen min, eg har aldri vore finare, seier dei. Om det er tilfelle, så er det frisørdama å takke , for ho gjorde ein bra jobb med håret mitt som er både grått og tynt.

No startar vel skulane opp for fullt og det merkast godt i vår familie, der det er mange lærarar.  Eg skal starte opp at med trening igjen i morgon, eg veit ikkje kor det går, for høgrefoten er ikkje heilt god. Det er derfor eg ikkje har gått på Vernet i sommar-eg saknar veldig dei turane, men eg greier å styre på i hagen. I dag har eg klipt plenen rundt huset.

Ikkje mykje att av ripsbuska, men vent til våren, då kjem ho att-trur eg.



søndag, august 17, 2025

Dagbok 2025: 17.august.


 Klokka er no 20.40, temperaturen ute er + 16 grader C og det er opplett. Eg trur det har regna litt i løpet av dagen, men eg har vore inne, så eg veit ikkje så mykje om det- På føremiddagen sat eg og strikka og såg TV - som vanleg, og så var eg ein tur opp til Marit;eg hadde fått melding frå Solveig om at ho ville komme ein tur kl-17, og ho skulle ikkje ha mat, berre is og kaffi, så slik vart det. Det er no veldig kjekt for meg når døtrene har tid og høve til å komme innom. Det er  ei travel tid for dei no når dei skal starte på eit nytt skuleår. Eg misunner dei ikkje. Det vart is og kaffi og prat til Solveig måtte fare. Då kom eg på at eg ikkje hadde ete skikkeleg mat sidan frokost, så eg sette i gang med å koke poteter, brune saus  og varme opp pølser, så eg fekk meg eit skikkeleg godt måltid- til kvelds.

No når kvelden kje, blir det sol og fint ute, det er heilt typisk, men det er meldt regn i morgon, Eg skulle så gjerne hatt nokre fineversdagar så eg hadde fått rydda opp i hagen. Tysdag skal eg begynne på treninga igjen, då går det med to føremiddagar i veka.


lørdag, august 16, 2025

Dagbok 2025: 16.august


Klokka er no18.10, temperaturen ute er + 13 grader, det har vore overskya og litt regn i løpet av dagen, men no ser det lysare ut, typisk at veret blir betre mot kveld.

Denne sommaren har eg vore mykje heime og mykje inne. Eg har brukt noko av tida til å rydde opp i skuffer og skap, for å sjå  kva eg har liggande og kva eg må kvitte meg med. Det var det eg starta med i dag også, Eg gjekk laus på eit skap som eg sjeldan brukar, og der var det nokså mykje fint, Aberet er at eg ikkje husar kven som har brodert eller hekla dei fine løperane som eg fann t.d.  Det var ei tid då det var "inn" å hekle , og eg veit at mamma hekla mykje, så mykje av det eg har stammar frå henne. Men motane skifter med tida , så no ser ein ikkje så mykje hekling lenger. Men eg vil no ta vare på dei fine tinga, og håper at neste generasjon gjer det også.

Eller var eg ein tur på butikken  med ein stor plastsekk full av tomflasker som eg panta. Eg syntest eg heiv mykje inn i pantemaskina, men det var berre vel 80 kroner. Men før eg for var Einar komen for å male.Han fekk malt  veggane over og under dei nye vindua, men måtte sette att litt her og der fordi han ikkje hdde liten nok kost. Så malte han også rekkverket på utsida, eit stykke som stod att frå i fjor. Har har tenkt å gjere alt ferdig  ein annan dag, det er slutt på ferien hans no. 

Eg hadde ikkje laga middag i dag, men tok opp ei panna med  Gulasj  som eg hadde i frysaren, og det vart eit godt måltid , Med kaffi og is etterpå. Slik det brukar å vere når Einar er her.

Eg rydda litt meir etter at han hadde fare,men så sette eg meg framfor TV-en og såg litt sport. Ikkje det som interesserer meg mest, men eg fekk no sjå Karsten Warholm spurte i mål,  som førstemann. Då blir eg nesten "sunnmøring".

No har eg kveikt i omnen og lagt opp ein ny lest, så blir det TV og strikk resten av kvelden. Heilt i orden det. 

Ønsker alle som er innom bloggen ei god helg. Tysdag er det slutt på ferien min også, då begynner vi på treninga igjen.



fredag, august 15, 2025

Dagbok 2025: 15.august


Klokka er no 19.06, temperaturen ute er+12 grader, det bles litt , og det regnar, så det vart ikkje hagearbeid med meg i dag. Men eg tok fredagsvasken på tysdag så eg måtte finne noko anna å gjere i dag. Det var nok å ta av!!! Det var klede å stryke og anna som måtte gjerast---eg fekk brått eit anfall av arbeidslyst så eg tok og rydda og vaska alle skuffene på kjøkkenet, der var eit visst behov. Men eg hadde også tenkt meg på VØR i dag, om det ikkje vart altfor mykje regn. Det vart overkomeleg så eg fylte bilen , både bagasjerommet og baksetet med svarte sekkar og fekk levert på VØR, som vanleg. Vi hagedamene er veldig glade i VØR, det er godt å ha ein plass å gjere av alt rusket frå hagen. 
Då eg kom heim vart det "Middag"-og så var det fram med strikketøyet, eg hadde rekt opp eit par lestar fordi eg ikkje hadde strikka skikkeleg hæl, men no har eg r strikka om igjen , men rett hæl. Det tok si tid, for garnet var tynt. At ikkje begge lestane er like, bryr eg meg ikkje om. Eg har no TV-en ståande på mens eg strikkar, eg lurer på om det er derfor eg gjer feil innimellom? Det skjer så  mykje i verda, heile tida.
Om morgonen sit eg mykje med datamaskina og sjekkar opp det som er der. Eg øver på spansken,og diverse anna , geografi til dømes , eg prøver å halde liv i dei små grå. Og i dag var eg heldig for då var Einar innom-det var noko om valet det handla om. Det går i" Reels and short videos"- mykje artig der.
For morgondagen har eg ingen planar, det kjem litt an på veret , blant anna.Einar har planar om å komme og måle, så snart det vert opplett. Og gudane veit kva tid det kan bli. 



 

torsdag, august 14, 2025

Dagbok 2025: 14.august


 Klokka er no 18.47, temperaturen ute er +20 grader og det er delvis sol, men det har også vore litt regni løpet av dagen.

I dag hadde eg time hos legen klokka 12.49, før den tid fekk eg strikka litt og rydda i huset. Då eg kom heim bestemte eg meg for å plukke rips. Vi har berre eitt ripstre att, men det er meir enn nok til meg. Treet , buska, er blikk nokså stor med åra, så eg syntest godt den kan vere litt mindre,og då ar det gjort. Eg klipte greiner og plukka bær på samme tid, det vart ein god del bær og tre store sekker med lauv og greiner. Men eg er ikkje ferdig med jobben, det trengst ikkje så lite finpuss. Eg treng ikkje bæra, eg har alt ete mykje av dei, men eg håper Solveig vil ha dei til saft,eg har plukka solbær også som eg har i frysaren.

                         Slik såg der ut etter at eg hadde rydda opp.
Då eg skulle gå inn att ropte Marit på meg , så vart vi sittande oppe på "platten " og prate til det var tid for middag.
No skal eg lage meg litt mat og så håper eg det er litt kjekt på TV i kveld. I morgon må eg kanskje på VØR med hageavfall  det hopar seg fort opp her.


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...