Klokka er 20.55, temperaturen ute er +11 grader C, det har vore overskya i heile dag, eg trur ikkje eg har sett sola, men eg trur ikkje det har regna heller. Eg har nesten ikkje vore ute for ei dør i dag, berre ein liten tur opp til Marit.
Eg hadde tenkte å ta fredagsvasken i dag,men ombestemte meg og gjekk vidare på den jobben eg hadde begynt på, nemleg å rydde og vaske alle skuffer og skap i heile huset. Eg begynte tidleg i vår og held på framleis. Det er litt kjekt å halde på med dette, for eg finn mykje som eg ikkje har sett på lenge og som eg heilt har gløymt. Eg vaskar og rydder etter beste evne. No har eg fylt vaskemaskina med diverese tøy til dømes gardiner etc. Eg finn også ting som eg heilt har gløymt-men som er kjekt å sjå igjen. Eg synest det er greit å vite kva eg har, og kva eg må fjerne-eller kanskje andre vil ha det?
Midt på dagen var eg ein tur opp til Marit og sat der og prata ei stund. I morgon skal vi på trening begge to.
I går jobba eg hardt i hagen med plenslått av ein plen som er tjukk av mose. Det var tungt. Då eg hadde sete i ro inne ei stund etterpå og skulle røyse meg frå stolen, brølte eg fordi foten var frykteleg vond. Merkeleg nok var den fort bra igjen og i dag har eg ikkje kjent noko, når eg er på trening , trener eg berre eine foten og eg går enno ikkje på Vernet. Det skulle eg ønske at eg kunne.
No skal eg feste trådane på lesteparet som eg nettopp har strikka ferdig. Solveig hadde kjøpt garn i Sverige, så det er det eg har strikka av no. Det går i tynt ullgarn og bambuspinnar nr. 2,5. Bambusen er betre for hendene enn harde pinnar, for eg er no litt skada både her og der; er ikkje heilt bra i handa som eg braut for eit par år sidan til dømes.
Det går mot haust og kveldane vert mørkare for kvar dag. Sommaren var kort.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar