tirsdag, august 19, 2025

Dagbok 2025:19.august

                                                       Dette bildet er tatt kl.17 i dag.

Klokka er no 17.15, temperaturen ute er +16 grader. Det har vore bra ver i dag, ein god del sol, og opplett i alle fall.I dag starta treninga opp att etter ferien, og eg stilte opp, men ikkje Marit. Eg er ikkje god i venstre foten, så eg kan ikkje gjere alle øvingane, men er trener den friske foten og kroppen elles. Eg går ikkje på Fonnvernet heller, men det går bra å jobbe i hagen.

Etter at eg kom heim i dag sette eg i gang med å klippe gras og rydde i skråninga, det er litt av ein jobb fordi der er så mykje mose at alt blir tungt. Men etter kvart fekk eg klipt det meste av graset og rydda opp. Eg prøvde å klippe det arealet eg sådde til i sommar, og jammen gjekk det bra. Som sagt, det var tungt å klippe i dag, så til slutt klipte eg utan oppsamlar-det fekk vere bra nok. Eg lurer berre på korleis ein kan få bort mosen, det er den som gjer det tungt og vanskeleg.

Eg vart i alle fall svolten av all jobbinga så eg laga meg godt med mat då eg kom inn att, og etterpå sette eg meg i godstolen og såg TV. Men då eg skulle reise meg opp etter ei stund, brølte eg nesten, for då var foten forferdeleg vond, og eg greidde ikkje å gå i det heile tatt. Det varte berre ei lita stund, så gjekk eg utan problem, men eg har ein mistanke om at smertene kjem att, neste gong eg skal reise meg.

Eg håper berre at eg greier å halde på med hagearbeidet, for eg likar det, og noko må eg ha å styre med når eg ikkje kan gå tur. Viss dokke ser godt på bildet over, ser dokke naboen min som steller i sin hage. Ho og eg eig ein hekk i lag som vi har planar om å klippe denne hausten. 

Erlend som for det meste bur i sokkel-leilegheita her, er hos Margrete nokre dagar, og passar hundane m.m. For Margrete har det travelt ved skulestart -som vanleg. Eg er spent på å høyre frå alle lærarborna og -barneborna om korleis dei har det no. Det er alltid spennande å begynne på eit nytt skuleår-både for lærarar og elevar.Det veit eg av erfaring.

I morgon er det onsdag, og eg har tenkt på at eg kunne ta "fredagsvasken" på onsdag, så kan eg ta fri fredag-og kanskje finne på noko då. Eg skal i alle fall ha ein tur til Eid snart.
 

                          Såret etter plommetreet har ikkje grodd enno.


Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...