mandag, august 18, 2025

Dagbok 2025: 18.august


 Klokka er no 18.23, temperaturen ute er+14 grader C, det er nokså overskya, men opplett-.

I dag hadde eg bestemt meg for å sjå innom den nye blomsterbutikken i Vik for å sjå om der var plantar som varer ei stund. Før i tid hadde ein dei samme potteplantane i åresvis, no døyr dei etter ei kort tid- Den nye butikken er vel ikkje kome skikkeleg i gang enno, men det vart no til at eg kjøpte ein plante; eg har hatt slike før, dei har vart ei tid-men ikkje evig.

På bildet kan de sjå at det ligg ein fin løper. Den kom eg borti ein dag når eg rydda skap. Eg finn mange fine ting når eg ryddar, det er berre så dumt at eg ikkje alltid hugsar kven som har laga dei fine tinga. Eg veit berre at det ikkje er eg.

Solveig er den som har best greie på mat og kva som er bra å ete. Ho meinte at eg skulle ete banan, det er lenge sidan eg har hatt, men i dag kjøpte eg. Eg tok berre ein pakke som låg der, men det viste seg ar der var 6 store bananer-og det er mykje. Eg åt ein,og det var eit heilt måltid- men så har eg mat i mange dagar.

Eg hadde tenkt å klippe litt meir på ripsbuska i dag, forme den til nytt liv når våren kjem. Eg gjorde så godt eg kan med saks og sag, resultatet kjem ikkje før våren kjem.

I går kveld laga eg middag og det var rikeleg att til i dag. Etter eg hadde ete var det på med TV-en og fram med strikketøyet, men først måtte eg ha ei lita kvilestund for eg sov ikkje godt i natt så eg var litt trøtt.

Det som er litt kjekt er at alle kommenterer hårsveisen min, eg har aldri vore finare, seier dei. Om det er tilfelle, så er det frisørdama å takke , for ho gjorde ein bra jobb med håret mitt som er både grått og tynt.

No startar vel skulane opp for fullt og det merkast godt i vår familie, der det er mange lærarar.  Eg skal starte opp at med trening igjen i morgon, eg veit ikkje kor det går, for høgrefoten er ikkje heilt god. Det er derfor eg ikkje har gått på Vernet i sommar-eg saknar veldig dei turane, men eg greier å styre på i hagen. I dag har eg klipt plenen rundt huset.

Ikkje mykje att av ripsbuska, men vent til våren, då kjem ho att-trur eg.



Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...