Klokka er no 20.40, temperaturen ute er + 16 grader C og det er opplett. Eg trur det har regna litt i løpet av dagen, men eg har vore inne, så eg veit ikkje så mykje om det- På føremiddagen sat eg og strikka og såg TV - som vanleg, og så var eg ein tur opp til Marit;eg hadde fått melding frå Solveig om at ho ville komme ein tur kl-17, og ho skulle ikkje ha mat, berre is og kaffi, så slik vart det. Det er no veldig kjekt for meg når døtrene har tid og høve til å komme innom. Det er ei travel tid for dei no når dei skal starte på eit nytt skuleår. Eg misunner dei ikkje. Det vart is og kaffi og prat til Solveig måtte fare. Då kom eg på at eg ikkje hadde ete skikkeleg mat sidan frokost, så eg sette i gang med å koke poteter, brune saus og varme opp pølser, så eg fekk meg eit skikkeleg godt måltid- til kvelds.
No når kvelden kje, blir det sol og fint ute, det er heilt typisk, men det er meldt regn i morgon, Eg skulle så gjerne hatt nokre fineversdagar så eg hadde fått rydda opp i hagen. Tysdag skal eg begynne på treninga igjen, då går det med to føremiddagar i veka.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar