lørdag, august 16, 2025

Dagbok 2025: 16.august


Klokka er no18.10, temperaturen ute er + 13 grader, det har vore overskya og litt regn i løpet av dagen, men no ser det lysare ut, typisk at veret blir betre mot kveld.

Denne sommaren har eg vore mykje heime og mykje inne. Eg har brukt noko av tida til å rydde opp i skuffer og skap, for å sjå  kva eg har liggande og kva eg må kvitte meg med. Det var det eg starta med i dag også, Eg gjekk laus på eit skap som eg sjeldan brukar, og der var det nokså mykje fint, Aberet er at eg ikkje husar kven som har brodert eller hekla dei fine løperane som eg fann t.d.  Det var ei tid då det var "inn" å hekle , og eg veit at mamma hekla mykje, så mykje av det eg har stammar frå henne. Men motane skifter med tida , så no ser ein ikkje så mykje hekling lenger. Men eg vil no ta vare på dei fine tinga, og håper at neste generasjon gjer det også.

Eller var eg ein tur på butikken  med ein stor plastsekk full av tomflasker som eg panta. Eg syntest eg heiv mykje inn i pantemaskina, men det var berre vel 80 kroner. Men før eg for var Einar komen for å male.Han fekk malt  veggane over og under dei nye vindua, men måtte sette att litt her og der fordi han ikkje hdde liten nok kost. Så malte han også rekkverket på utsida, eit stykke som stod att frå i fjor. Har har tenkt å gjere alt ferdig  ein annan dag, det er slutt på ferien hans no. 

Eg hadde ikkje laga middag i dag, men tok opp ei panna med  Gulasj  som eg hadde i frysaren, og det vart eit godt måltid , Med kaffi og is etterpå. Slik det brukar å vere når Einar er her.

Eg rydda litt meir etter at han hadde fare,men så sette eg meg framfor TV-en og såg litt sport. Ikkje det som interesserer meg mest, men eg fekk no sjå Karsten Warholm spurte i mål,  som førstemann. Då blir eg nesten "sunnmøring".

No har eg kveikt i omnen og lagt opp ein ny lest, så blir det TV og strikk resten av kvelden. Heilt i orden det. 

Ønsker alle som er innom bloggen ei god helg. Tysdag er det slutt på ferien min også, då begynner vi på treninga igjen.



Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...