fredag, august 15, 2025

Dagbok 2025: 15.august


Klokka er no 19.06, temperaturen ute er+12 grader, det bles litt , og det regnar, så det vart ikkje hagearbeid med meg i dag. Men eg tok fredagsvasken på tysdag så eg måtte finne noko anna å gjere i dag. Det var nok å ta av!!! Det var klede å stryke og anna som måtte gjerast---eg fekk brått eit anfall av arbeidslyst så eg tok og rydda og vaska alle skuffene på kjøkkenet, der var eit visst behov. Men eg hadde også tenkt meg på VØR i dag, om det ikkje vart altfor mykje regn. Det vart overkomeleg så eg fylte bilen , både bagasjerommet og baksetet med svarte sekkar og fekk levert på VØR, som vanleg. Vi hagedamene er veldig glade i VØR, det er godt å ha ein plass å gjere av alt rusket frå hagen. 
Då eg kom heim vart det "Middag"-og så var det fram med strikketøyet, eg hadde rekt opp eit par lestar fordi eg ikkje hadde strikka skikkeleg hæl, men no har eg r strikka om igjen , men rett hæl. Det tok si tid, for garnet var tynt. At ikkje begge lestane er like, bryr eg meg ikkje om. Eg har no TV-en ståande på mens eg strikkar, eg lurer på om det er derfor eg gjer feil innimellom? Det skjer så  mykje i verda, heile tida.
Om morgonen sit eg mykje med datamaskina og sjekkar opp det som er der. Eg øver på spansken,og diverse anna , geografi til dømes , eg prøver å halde liv i dei små grå. Og i dag var eg heldig for då var Einar innom-det var noko om valet det handla om. Det går i" Reels and short videos"- mykje artig der.
For morgondagen har eg ingen planar, det kjem litt an på veret , blant anna.Einar har planar om å komme og måle, så snart det vert opplett. Og gudane veit kva tid det kan bli. 



 

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...