torsdag, august 21, 2025

Dagbok 2025: 21.august


 Klokka er no 17.52, temperaturen ute er + 10 grader C, og no regnar det igjen. Litt tidlegare på ettermiddagen var det litt sol, og eg vurderte å gå tur på Vernet. Det vart det ikkje noko av.

I dag var Marit og eg på trening igjen og på heimvegen handla vi rikeleg med god mat; til oss sjølve og til katten LOLLO. 

Eg synest det er så gale at matbutikkane skal ha så mykje blomster og plantar, eg trur ikkje dei sel så mykje av det. Men i dag fall eg for freistinga og kjøpte meg ein "Bladplante" utan blomster. Kanskje den vil trivast.Eg er stadig ute for at blomster som eg får har altfor kort levetid. Før i tida hadde vi no potteplantane i åresvis.



Eg hadde ingen eksakte planar for dagen, men etter at eg hadde ete lunsj, strikka litt og sett TV m.m. bestemte eg meg for å ta fredagsvasken i dag, og heller ta fri i morgon. 

Eg er så spent på korleis lærarane i familien har hatt det no når dei er på plass etter ferien, men eg kan ikkje rekne med at dei kjem hit no og informerer meg. Det er travelt med skulestart, det veit eg.

Eg synest det regnar meir og mindre heile tida, men no har Marit sjekka langtidsmeldinga og den seier at neste veke skal det vere opplett i 5 dagar. Eg håper det blir slik, for det trengst 5 tørre dagar for å få bort mosen frå altanen-når eg skal drepe den med Mould som eg har kjøpt.

Eg har meir å gjere i hagen også, men då må eg også ha litt betre ver. Eg kan ikkje hugse at vi har hatt slik ver i august før- Plar ikkje det vere ein fin månad?

 


Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...