Klokka er no 18.42, temperaturen ute er + 9 grader C, akkurat no er det opplett og litt sol, men det har regna meir og mindre i heile dag. Men ei stund såg det veldig bra ut, så eg tok sjansen på å prøve å gå ein tur på Vernet. Det er veldig lenge sidan sist eg var der, for eg har vore låk i ein fot i heile sommar.No trudde eg at eg var nokså bra, så eg våga meg til å gå opp ein tur, men eg var ikkje så bra som eg trudde. Eg gjekk berre eine sida, den nedste, og kom meg no heim att utan å bli heilt invalid. Men eg skal ikkje gå der i morgon.
I dag hadde eg tenkt at eg skulle ha ein fin dag, finne på noko kjekt, men kva skulle det vere? Eg tok fredagsvasken i går og følte at eg hadde fri i dag, og eg hadde mykje å bruke fridagen til. Rydde på datarommet t.d., Her hadde ikkje vore skikkeleg støvtørka sidan snikkaren var her, eg fekk no gjort litt i dag. Men berre litt. For å gjere skikkeleg reint her å kontoret, må eg ha Erlend med meg, trur eg. For eg må ha fram skrivebordet og bak det ligg der ledningar og diverse anna som høyrer til datamaskin og TV etc.Eg torer nesten ikkje å ta i det ein gong, i redsel for at eg skal misse kontakten med verda.
Elles har eg site og strikka , lese avisa m.m. Møre Nytt var veldig tjukk og god denne fredagen, mykje interessant stoff. Sudokuen løyste eg før eg la meg i gå kveld.
Venninnene mine i SV skal demonstrere mot det som skjer i Palestina ved "Fru Svendsen" i morgon . Dei som vil vere med skal ha med seg tomme kasserollar og sleiver for å lage lyd. Eg forstår bodskapen, men trur ikkje eg stiller opp og deltek aktivt. Der skal sjølvsagt vere appellar også, men eg har ikkje sett klokkeslettet enno. Eg vil no gjerne møte opp, og laurdags føremiddag brukar det å vere LIV i gågata.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar