Klokka er no 19.30, temperaturen ute er + 12 grader c og sola kom så vidt fram ei lita stund. Det har vore overskya i heile dag, men eg trur ikkje det har regna heile tida.
Eg hadde tenkt meg til Vik og sjå på livet der på føremiddagen. Men eg solmla slik at då eg endeleg var nede i gågata var klokka neste halv 2. Eg trudde den var halv 12 eller noko slikt, men det er lurt å sjekke klokka og ikkje berre tru. Det meste var vel over før eg kom, men eg trefte Lisbeth og Jan og snakka med dei, dei hadde heller ikkje fått med seg det som skulle skje, og så trefte eg enda ei frå SV -gjengen og det var Kirsti Hansejordet. Henne var det lenge sidan eg hadde møtt, så det var ekstra kjekt. Eg gjekk ut gågata og der var det bilar som stod parkert og hadde utsal av diverse matvarer; eg kjøpte ikkje noko, men kanskje ein annan gong? Eg gjekk ut heile gata og innatt i gata nedanfor og så til ALTI der eg alltid parkerer bilen. Eg tok ein runde og såg meg om inne, men kjøpte ikkje noko.
Når eg går i gatene og på ALTI er det fordi eg vil oppleve noko anna enn berre Vallabøen, sjå litt meir folk etc. For det har gått opp for meg at eg har eit litt for lite område der eg held meg.
Her heime har det ikkje hendt noko i dag. Eg har som vanleg ete og drukke , sett TV og strikka. Eg har ikkje vore hos Marit, for dei har gjester i dag.
Eg gjekk på Vernet i går, vart litt låk i foten, ikkje så gale, men eg stod over i dag.
Det merkelege er at eg får mindre vondt av å gå i hagen og jobbe, så no skal det visst bli ei veke med finever, så eg får rydda opp litt ute.Det er så stygt og rotete i hagen i år, eg skuldar mest på veret.
Margrete har stått på stand i Volda i dag og reklamert for AP. Marit hadde sett eit bilde på FB, men då eg skulle prøve å få sett det, var bildet vekk. Det kan kanskje dukke opp igjen. Eg beundrer alle som brukar av fritida si og jobbe for politikken, mange legg ned mykje gratisarbeid for det dei trur på. Og ikkje får dei mykje. takk heller. Tvert imot.
Eg skulle ta eit bilde av sola, men så vart den borte igjen før eg fekk ladda opp telefonen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar