søndag, august 24, 2025

Dagbok 2025: 24.august

Klokka er no17.15, temperaturen ute er +13 graderC  og det er skya, men ikkje regn.Det skal visst no bli sol i dagane framover. Det er heldigvis ei veke att av august.

I dag er det tredje dagen eg går her heime  åleine utan å gjere så mykje. Eg klandrer ingen, det er min eigen feil at eg ikkje finn på noko kjekt. Eg kan no ikkje sitte og strikke og sjå TV heile tida.

Eg lurte på å gå på Vernet, men då eg såg utover var der veldig mykje folk som gjekk der i dag, og eg er litt redd for foten min.

Eg fann på å lage ein slags fiskesuppe av noko fisk eg hadde liggande i frysaren,den blei no god nok, men ikkje slik som suppene eg laga den tida eg hadde god fisk, og rikeleg.

Eg måtte berre finne på noko, så eg sette i gang å plukke solbæra på den eldste buska, og etter kvart som eg plukka klipte eg greinene, eg vil ikkje ha buskene så store. Litt bær vart det no, så eg har eit lager i frysaren som Solveig skal få til å lage saft av. Sjølv driv eg ikkje med safting og sylting lenger, eg kjøper det eg skal ha på butikken. Eg fann no litt av kvart anna å henge fingrane borti, til dømes løvetannrøter som har begynt å komme i massevis,dei trur visst det er vår.

Eg har gått her og tusla mykje åleine siste dagane, men i morgon blir det sikkert noko å ta seg til, eg har no eigentleg mykje som skulle ha vore gjort, men eg kan ikkje gjere alt sjølv- men eg greier mykje.


                  Skodda ligg i fjellsida, men det skal visst bli fint ver no.


 

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...