mandag, august 25, 2025

Dagbok 2025: 25.august.


Klokka er no18.42, temperaturen ute er +16 grader C og sola skin. Vi har hatt ein fin dag, og eg for min del har vore ute heile dagen, Berre inn og få litt mat av og til.

Først jobba eg i det som er den mest rotete delen i hagen, eg heldt på der så lenge eg hadde sen i kantklipparen. Eg synest eg fekk gjort mykje, men der står ein del att også.

Eg gjorde også noko som ikkje var så nødvendig. Ovafor plommetreet ligg der ein stor stein, eg synest det er så kjekt å ha den steinen, og når sola skin kjem det sølvprikkar på den. No har det vore så mykje væte og så mykje mose at steinen var nesten vekke. Så i dag gjorde eg det eg kunne for å få den fram i lystet igjen. Eg grov vekk mose med ein kniv etc, og til slutt spylte eg vekk alt som var laust. Då sola traff steinen , såg eg sølvet.

Etterpå klipte eg plenen nedanfor huset, det vart til at eg klipte den to gonger fordi eg ikkje hadde stilt ned nok første gongen. Klipte mykje nede i skråninga også. 

Då eg hadde jobba ferdig gjekk eg opp til Marit som sat ute. Vi sat og prata heilt til heimesjukepleien kom.

I morgon er det trening igjen, men eg synest eg har hatt bra trening i dag også. Foten min er ikkje heilt god,men det går bra likevel.No skal eg finne meg nokre godbitar i kjøleskapet.
 

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...