onsdag, august 13, 2025

Dagbok 2025: 13.august


 Dette bildet tok eg akkurat noklokka kvart over 20, det er ikkje så dystert som det ofte har vore i det siste, men sola har vi ikkje sett mykje til i dag heller, likevel er det + 20 graderC ute no.

Denne dagen har stort sett gått med til å strikke ferdig ein lest+at eg var ein tur til frisøren og fekk klipt håret mitt. Det er nokså kort no, men eg likar det slik-og så håper eg det veks ut att etter kvart. Elles har det hendt veldig lite her hos meg, lite og ingenting har eg gjort -berre strikka. 

I morgon har eg time hos legen min, eg går til kontroll kvart halvår- for ein sjukdom som eg kansje har eller får. Det har ikkje vore så alvorleg til denne tid. Eg har fått time rett etter  matpausen deira, så då slepp eg kanskje å vente så lenge. Eg har litt dårleg samvit for nokre stakkars bær i hagen som ikkje har blitt plukka, eg får prøve å ta meg sama og få det gjort.. Det er mykje anna som skulle vore gjort også, men eg vinn ikkje  over alt. Viss det blir fint ver no framover så får eg sikkert besøk av malaren-Einar , han sørger alltid for at huset får det det skal ha. Eg har mange gode hjelparar og det treng eg, for eg kan ikkje så mykje slikt "mannfolkarbeid".


Berre den eine har skikkeleg hæl, den andre skal få når eg får rekt opp og strikka på nytt.

tirsdag, august 12, 2025

Dagbok 2025: 12.august

 


Klokka er no 20.30, temperaturen ute er+ 15 grader C og i dag har vi hatt litt betre ver, ikkje så mykje sol, men heller ikkje regn.

Eg hadde bestemt meg for å ta "fredagsvasken" i dag, for det gjorde eg tysdag i førre veke også. Eg likar ganske godt å vaske og rydde etc. ikkje akkurat sjølve arbeidet, men resultatet. Eg har ikkje strikka i dag, for eg har enno problem med hælfellinga, til tross for alle lestar eg har strikka, ein for dag, minst.

No har eg vore ein tur opp til Marit og prata om laust og fast

Elles fekk eg også klipt litt av plenane utpå ettermiddagen, men det er altfor mykje mose , så det blir aldri heilt fint. Så har eg litt dårleg samvit for bær som ikkje har blitt plukka.

I morgon skal eg til frisør og klippe meg, men ikkje før klokka 15, så eg kan gjere mykje før den tid.

Det hender ikkje så mykje kvar dag og det er no bra-på ein måte. Lyspunktet i dag var at det ikkje har regna-trur eg- og kanskje får vi litt meir sol og sommar?

Eg rydda litt på skrivebrdet mitt i dag, og då kom eg frampå nokre gammeldagse bilde.

Der var mellom anna tre bilde frå kaia i Tromsø, bilde av minnesmerket etter dei som fall i krigen mot Tyskland, dei som vi har sett filmen "Ni liv" om. Onkelen til Nils, bror til far hans, Sjur Olai vart skoten der. Eg skal prøve å ta bilde av bilda.

Det er mange år sidan vi var i Tromsø, så eg er ikkje sikker på om desse minnesmerka står der no.

mandag, august 11, 2025

Dagbok 2025: 10.august




Klokka er no 17.49, temperaturen ute er + 16  grader C.det er overskya men opplett, før i dag har det regna.Eg er heilt ute av humør, på grunn av veret, mest fordi eg ikkje får styre og lage det fint i hagen.

Eg skal til frisør denne veka, har eg tenkt, så eg for til Vik i dag før middag for å bestille time-eller, om det gjekk and å få klipt meg med det samme. Det fekk eg ikkje, men skal ned att onsdag. Torsdag skal eg til legen, det er halvtårskontroll-eg trur ikkje eg er sjuk akkurat.Veldig tomt og kjedelig i Vik tidleg på dag, gå-gata fekk eg ha for meg sjølv. Handla litt på KIWI på heimvegen.

Sidan det ikkje var ute-ver sat eg og strikka ferdig lestane til Solveig mens eg høyrde nyheiter. Ikkje noko å bli glad for der heller. Men så vart det tid for eit måltid, og det takkar eg ikkje nei til.

Eg har vore ute og jobba litt i hagen, men det heilt store vart det ikkje i dag heller. Klatreplantane litt meir og mindre rett ut etter vind og regn, men eg fekk no rydda opp litt-

Sjølv om eg har hatt ein litt kjedelig dag, har den gått veldig fort. Marit har hatt besøk av familie i dag, så eg har ikkje vore opp der.

No skal eg legge opp eit nytt lestepar, og sjå om det har hendt noko gledeleg i verda- til ei foandring. Eg veit ikkje kva dag eg skal stemme-men det kan eg vel få greie på. Det er no litt spennande.

 

søndag, august 10, 2025

Dagbok 2025:10.august

Slik er utasikta frå altanen min i dag, grått og vått til tross for at vi enno ikkje er ferdige med august, den månaden som ofte er den finaste i året. Dette veret tek heilt humøret frå meg. I dag har eg vore heime åleine heile dagen, det hadde vore heilt greit om eg kunne ha vore ute litt, styrt litt i hagen eller gått ein tur, men eg har sete inne og strikka og fyrt i omnen. Ja, eg har ikkje hatt det vondt på nokon måte, berre litt kjedelig.

Eg er vant til å vere åleine, men før har eg gått tur på Vernet, det har  eg ikkje gjort i det siste, det er fordi eg har vodt i venstre hofta og foten. Eg saknar dei turane, for ofte trefte eg folk som eg prata med anten eg kjende dei eller ikkje. Eg kunne ha jobba litt meir med sudokuen, for den har eg ikkje klart å løyse enno.

I dag har eg fyrt med material-restar som låg att etter at snkkaren var ferdig, dei brenn veldig fort opp, men eg har det i alle fall varmt og godt. TV-en er til godt selskap, men no oppfører den seg ikkje slik han skal, så det må eg få ein kvan til å sjå på. Det var så mykje eg skulle ha gjort bårde ute og inne denne tida, men eg blir veldig lat når det er så kaldt. Men eg har no fri heile året, så eg kan nyte fineveret når det kjem. Verre for dei som får øydelagt ferien sin men kaldt og vått ver. No får eg vel strikke litt meir og sjå om eg får orden på TV-en før det vert nyheiter.
 

lørdag, august 09, 2025

Dagbok 2025: 9.august


Klokka er no 18.26, temperaturen ute er +15 grader og eg var nettopp ute på trappa og tok dette bildet.. Eg har alltid vore så glad i august månad, og til vanleg brukar den å vere fin, men ikkje i år, nei.

Eg er så skuffa fordi eg ikkjefå vere meir ute i hagen og pynta opp litt, men det har eg gitt opp, rosene blomstrar av og andre plantar ligg langflate i staden for å vekse opp over veggen. Men eg kan ikkje gjere noke med dt.

Idag hadde eg planlagt å fare til Vik åleine, det var eit par ting eg skulle kjøpe. Eg tok ein spasertur gjennom gatene i sentrum og kika meg rundt litt, Det var så tidleg å dag at der var lite folk.Men eg syntest det var kjekt å sjå seg om, eg er der ikkje ofte-og ikkje til fots. Eg kan eigentleg ikkje gå så mykje for venstrefoten er ikkje god, så eg blir litt halt. 

Eg var inn på butikken til Målar-Olav og kjøpte noko som skal drepe mosen på altanen min, og der var dei veldig hjelpsomme. Eg fekk kjøpt noko på ei flaske, det er berre det at det må vere opplett fleire dagar i trekk viss det skal hjelpe.

Var innom ALTI også,  dei hadde ikkje de eg skulle ha, men det hadde dei på SPAR, for der har dei verdens beste krydderspekesild, derfor er eg inne der somme tider.

Då eg kom heim bestemte eg meg for å lage middag og ete sild og det gjorde eg. Det er det beste eg veit -trur eg. Etterpå har eg fyrt i omnen, eg har mykje "ved" no som eg vil brenne opp. Det vart varmt og godt der eg sat og strikka og såg TV. Eg trur eg sov litt innimellom for klokka gjekk farleg fort.

No har eg funne fram ei skål med rips og ein pakke vaniljesaus, så då blir det dessert også.

Håper alle har det godt i helga. Eg har det bra så lenge eg har TV og strikketøy.

fredag, august 08, 2025

Dagbok 2025: 8.august


 Klokka er no 17.45, temperaturen ute er +14 grader og det regnar litt og blæs litt, akkurat så mykje at det ikkje er kjekt å vere ute. Eg har diverse ting som eg skulle gjort i hagen, men det får vere til det blir betre ver..

Det vart brått så stilt og roleg her, ingen på besøk og ingen snikkar som bankar, nesten litt FOR roleg. Eg har ikkje gjort mykje i dag sjølv om det er fredag, men eg har gjort litt av kvart før i veka; i dag støvsugde eg teppegolvet i stova og så har eg vaska litt klede, men eg veit ikkje om det kan kallast arbeid. Eg har plundra med sudokuen sidan i går kveld utan å komme i mål, så eg er ikkje fornøgd med meg sjølv. Eg har vore ein tur opp til Marit også ein liten tur-

Men noko er positivt også, eg kan felle hæl på lester igjen , så då kan eg strikke og sjå TV. Eg får ikkje til å sjå TV viss eg ikkje får strikke på samme tid, og eg kan ikkje strikke utan TV-sånn er det berre.

Eigentleg skulle eg ha vore til Vik i dag og kjøpt diverse, men eg har utsett det til i morgon.Vi får håpe at sommaren kjem att ein tur, den kan ikkje vere over enno vel?

Då er det fredag og eg vil ønske alle, meg også, ei god helg!


torsdag, august 07, 2025

Dagbok 2025: 7.august

 Klokka er no 21.55, temperaturen ute er + 13 grader Celsius, og det har vore overskya heile dagen, men ikkje så mykje regn akkurat. No sat eg og venta på sudokuen på Møre-Nytt og då kom eg på at eg ikkje hadde skrive dagbok. Slikt kan skje når det er mykje anna som hender. 

I dag sette eg meg til og ville skrive til Solveig, det var noko eg meinte ho kunne helpe meg med. Men på maskina låg det melding frå henne om at ho og Øystein skulle komme innover, så det var no veldig gledeleg.  Solveig baka bollar som ho skulle ta med, og eg tok ein liten tur på butikken.

Øystein skulle hente Amund i Volda, men Solveig vart att med meg. No har ho oppdatert meg på hælfelling, det var så enkelt at eg forstår ikkje korleis eg kunne ha gløymt det. Øystein bar dei skrota vindua ned i tilbygget, så no er ei plasserte. Eg likte ikkje å ha dei ståande på tunet og på altanen når det kom vind og dårleg ver..

I morgon er det fredag igjen,desse sommarvekene går så altfor fort -og plutseleg er det jul igjen. Eg har oppdaga at tida går fortare til eldre ein blir.

Eg har ingen planar for morgondagen-eller kanskje litt. Eg trur eg må ein tur til Vik i alle fall. No skal eg finne avisa og prøve å løyse sudokuen. Den som kjem i fredags-avisa er vanskelegare enn den i tysdagsavisa, men eg brukar å få den til.


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...