fredag, august 08, 2025

Dagbok 2025: 8.august


 Klokka er no 17.45, temperaturen ute er +14 grader og det regnar litt og blæs litt, akkurat så mykje at det ikkje er kjekt å vere ute. Eg har diverse ting som eg skulle gjort i hagen, men det får vere til det blir betre ver..

Det vart brått så stilt og roleg her, ingen på besøk og ingen snikkar som bankar, nesten litt FOR roleg. Eg har ikkje gjort mykje i dag sjølv om det er fredag, men eg har gjort litt av kvart før i veka; i dag støvsugde eg teppegolvet i stova og så har eg vaska litt klede, men eg veit ikkje om det kan kallast arbeid. Eg har plundra med sudokuen sidan i går kveld utan å komme i mål, så eg er ikkje fornøgd med meg sjølv. Eg har vore ein tur opp til Marit også ein liten tur-

Men noko er positivt også, eg kan felle hæl på lester igjen , så då kan eg strikke og sjå TV. Eg får ikkje til å sjå TV viss eg ikkje får strikke på samme tid, og eg kan ikkje strikke utan TV-sånn er det berre.

Eigentleg skulle eg ha vore til Vik i dag og kjøpt diverse, men eg har utsett det til i morgon.Vi får håpe at sommaren kjem att ein tur, den kan ikkje vere over enno vel?

Då er det fredag og eg vil ønske alle, meg også, ei god helg!


Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...