torsdag, august 07, 2025

Dagbok 2025: 7.august

 Klokka er no 21.55, temperaturen ute er + 13 grader Celsius, og det har vore overskya heile dagen, men ikkje så mykje regn akkurat. No sat eg og venta på sudokuen på Møre-Nytt og då kom eg på at eg ikkje hadde skrive dagbok. Slikt kan skje når det er mykje anna som hender. 

I dag sette eg meg til og ville skrive til Solveig, det var noko eg meinte ho kunne helpe meg med. Men på maskina låg det melding frå henne om at ho og Øystein skulle komme innover, så det var no veldig gledeleg.  Solveig baka bollar som ho skulle ta med, og eg tok ein liten tur på butikken.

Øystein skulle hente Amund i Volda, men Solveig vart att med meg. No har ho oppdatert meg på hælfelling, det var så enkelt at eg forstår ikkje korleis eg kunne ha gløymt det. Øystein bar dei skrota vindua ned i tilbygget, så no er ei plasserte. Eg likte ikkje å ha dei ståande på tunet og på altanen når det kom vind og dårleg ver..

I morgon er det fredag igjen,desse sommarvekene går så altfor fort -og plutseleg er det jul igjen. Eg har oppdaga at tida går fortare til eldre ein blir.

Eg har ingen planar for morgondagen-eller kanskje litt. Eg trur eg må ein tur til Vik i alle fall. No skal eg finne avisa og prøve å løyse sudokuen. Den som kjem i fredags-avisa er vanskelegare enn den i tysdagsavisa, men eg brukar å få den til.


Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...