onsdag, august 06, 2025

Dagbok 2025: 6.august

Klokka er no 19.54, temperaturen ute er +13 grader og det regnar. På føremiddagen var det opplett så eg fekk rydda på altanen. Eg heiv fjølene ned på plenen og bar dei derifrå inn i tilbygget, det var i grunnen ikkje så mykje arbeid.

Etterpå plukka eg litt stikkelsbær som eg kokte sylte av, men eg veit ikkje om den blei så god.

Det vart slutt på godveret og regnet kom att. Eg hadde fyrt i omnen og hadde det varmt og godt, men så var det strikkinga. Eg har enno ikkje funne ut korleis eg skal strikke hæl, det som eg har gjort nesten kvar dag i lange tider. Men det er heilt vekk.

Noko anna som var heit vekk var ledningen til boksen der eg laddar opp høyreapparata mine, men i dag sette eg meg til og såg over alle ledningane mine-og det er mange. Eg fann ikkje den rette før heilt til sist- men der var den. No har eg ladda opp apparata og håper å forstå meir av det folk seier enn eg har gjort i det siste.

Eg har vore ein tur opp til Marit i dag også,vi sit og grammar oss over veret-det hjelper litt på humøret at vi er to.

Dei "gamle" vindua Står enno ute, eg tru ikkje eg greier å bere dei i hus åleine, men eg har ikkje prøvd.


Når alt er i orden, må eg skure altanen, for mosen gror.
 

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...