lørdag, august 09, 2025

Dagbok 2025: 9.august


Klokka er no 18.26, temperaturen ute er +15 grader og eg var nettopp ute på trappa og tok dette bildet.. Eg har alltid vore så glad i august månad, og til vanleg brukar den å vere fin, men ikkje i år, nei.

Eg er så skuffa fordi eg ikkjefå vere meir ute i hagen og pynta opp litt, men det har eg gitt opp, rosene blomstrar av og andre plantar ligg langflate i staden for å vekse opp over veggen. Men eg kan ikkje gjere noke med dt.

Idag hadde eg planlagt å fare til Vik åleine, det var eit par ting eg skulle kjøpe. Eg tok ein spasertur gjennom gatene i sentrum og kika meg rundt litt, Det var så tidleg å dag at der var lite folk.Men eg syntest det var kjekt å sjå seg om, eg er der ikkje ofte-og ikkje til fots. Eg kan eigentleg ikkje gå så mykje for venstrefoten er ikkje god, så eg blir litt halt. 

Eg var inn på butikken til Målar-Olav og kjøpte noko som skal drepe mosen på altanen min, og der var dei veldig hjelpsomme. Eg fekk kjøpt noko på ei flaske, det er berre det at det må vere opplett fleire dagar i trekk viss det skal hjelpe.

Var innom ALTI også,  dei hadde ikkje de eg skulle ha, men det hadde dei på SPAR, for der har dei verdens beste krydderspekesild, derfor er eg inne der somme tider.

Då eg kom heim bestemte eg meg for å lage middag og ete sild og det gjorde eg. Det er det beste eg veit -trur eg. Etterpå har eg fyrt i omnen, eg har mykje "ved" no som eg vil brenne opp. Det vart varmt og godt der eg sat og strikka og såg TV. Eg trur eg sov litt innimellom for klokka gjekk farleg fort.

No har eg funne fram ei skål med rips og ein pakke vaniljesaus, så då blir det dessert også.

Håper alle har det godt i helga. Eg har det bra så lenge eg har TV og strikketøy.

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...