Eg er vant til å vere åleine, men før har eg gått tur på Vernet, det har eg ikkje gjort i det siste, det er fordi eg har vodt i venstre hofta og foten. Eg saknar dei turane, for ofte trefte eg folk som eg prata med anten eg kjende dei eller ikkje. Eg kunne ha jobba litt meir med sudokuen, for den har eg ikkje klart å løyse enno.
I dag har eg fyrt med material-restar som låg att etter at snkkaren var ferdig, dei brenn veldig fort opp, men eg har det i alle fall varmt og godt. TV-en er til godt selskap, men no oppfører den seg ikkje slik han skal, så det må eg få ein kvan til å sjå på. Det var så mykje eg skulle ha gjort bårde ute og inne denne tida, men eg blir veldig lat når det er så kaldt. Men eg har no fri heile året, så eg kan nyte fineveret når det kjem. Verre for dei som får øydelagt ferien sin men kaldt og vått ver. No får eg vel strikke litt meir og sjå om eg får orden på TV-en før det vert nyheiter.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar