tirsdag, august 12, 2025

Dagbok 2025: 12.august

 


Klokka er no 20.30, temperaturen ute er+ 15 grader C og i dag har vi hatt litt betre ver, ikkje så mykje sol, men heller ikkje regn.

Eg hadde bestemt meg for å ta "fredagsvasken" i dag, for det gjorde eg tysdag i førre veke også. Eg likar ganske godt å vaske og rydde etc. ikkje akkurat sjølve arbeidet, men resultatet. Eg har ikkje strikka i dag, for eg har enno problem med hælfellinga, til tross for alle lestar eg har strikka, ein for dag, minst.

No har eg vore ein tur opp til Marit og prata om laust og fast

Elles fekk eg også klipt litt av plenane utpå ettermiddagen, men det er altfor mykje mose , så det blir aldri heilt fint. Så har eg litt dårleg samvit for bær som ikkje har blitt plukka.

I morgon skal eg til frisør og klippe meg, men ikkje før klokka 15, så eg kan gjere mykje før den tid.

Det hender ikkje så mykje kvar dag og det er no bra-på ein måte. Lyspunktet i dag var at det ikkje har regna-trur eg- og kanskje får vi litt meir sol og sommar?

Eg rydda litt på skrivebrdet mitt i dag, og då kom eg frampå nokre gammeldagse bilde.

Der var mellom anna tre bilde frå kaia i Tromsø, bilde av minnesmerket etter dei som fall i krigen mot Tyskland, dei som vi har sett filmen "Ni liv" om. Onkelen til Nils, bror til far hans, Sjur Olai vart skoten der. Eg skal prøve å ta bilde av bilda.

Det er mange år sidan vi var i Tromsø, så eg er ikkje sikker på om desse minnesmerka står der no.

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...