Dette bildet tok eg akkurat noklokka kvart over 20, det er ikkje så dystert som det ofte har vore i det siste, men sola har vi ikkje sett mykje til i dag heller, likevel er det + 20 graderC ute no.
Denne dagen har stort sett gått med til å strikke ferdig ein lest+at eg var ein tur til frisøren og fekk klipt håret mitt. Det er nokså kort no, men eg likar det slik-og så håper eg det veks ut att etter kvart. Elles har det hendt veldig lite her hos meg, lite og ingenting har eg gjort -berre strikka.
I morgon har eg time hos legen min, eg går til kontroll kvart halvår- for ein sjukdom som eg kansje har eller får. Det har ikkje vore så alvorleg til denne tid. Eg har fått time rett etter matpausen deira, så då slepp eg kanskje å vente så lenge. Eg har litt dårleg samvit for nokre stakkars bær i hagen som ikkje har blitt plukka, eg får prøve å ta meg sama og få det gjort.. Det er mykje anna som skulle vore gjort også, men eg vinn ikkje over alt. Viss det blir fint ver no framover så får eg sikkert besøk av malaren-Einar , han sørger alltid for at huset får det det skal ha. Eg har mange gode hjelparar og det treng eg, for eg kan ikkje så mykje slikt "mannfolkarbeid".
Berre den eine har skikkeleg hæl, den andre skal få når eg får rekt opp og strikka på nytt.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar