onsdag, august 06, 2025

Dagbok 2025: 6.august

Klokka er no 19.54, temperaturen ute er +13 grader og det regnar. På føremiddagen var det opplett så eg fekk rydda på altanen. Eg heiv fjølene ned på plenen og bar dei derifrå inn i tilbygget, det var i grunnen ikkje så mykje arbeid.

Etterpå plukka eg litt stikkelsbær som eg kokte sylte av, men eg veit ikkje om den blei så god.

Det vart slutt på godveret og regnet kom att. Eg hadde fyrt i omnen og hadde det varmt og godt, men så var det strikkinga. Eg har enno ikkje funne ut korleis eg skal strikke hæl, det som eg har gjort nesten kvar dag i lange tider. Men det er heilt vekk.

Noko anna som var heit vekk var ledningen til boksen der eg laddar opp høyreapparata mine, men i dag sette eg meg til og såg over alle ledningane mine-og det er mange. Eg fann ikkje den rette før heilt til sist- men der var den. No har eg ladda opp apparata og håper å forstå meir av det folk seier enn eg har gjort i det siste.

Eg har vore ein tur opp til Marit i dag også,vi sit og grammar oss over veret-det hjelper litt på humøret at vi er to.

Dei "gamle" vindua Står enno ute, eg tru ikkje eg greier å bere dei i hus åleine, men eg har ikkje prøvd.


Når alt er i orden, må eg skure altanen, for mosen gror.
 

tirsdag, august 05, 2025

 

Dagbok 2025: 5.august


 I dag heiser vi flagg for Ivar Aasen, som vart fødd i Ørsta 5.august 1813.

Klokka er no 18.00, temperaturen ute er + 12 grader og det regnar litt. Då eg stod opp i dag skein sola, men det vart det fort slutt på- 
Dagen i dag vart litt annleis enn vanleg., men den begynte på den vanlege måten, med litt TV og strikketøy. Strikkinga vart det ikkje mykje av, for eg har enno ikkje funne ut korleis eg skal strikke hælen, det brukar eg å få til kvar dag, men ikkje no. Det er noko som har rota seg til oppe i hovudet mitt, eg håper det ryddar seg til igjen. 
Når eg ikkje kunne strikke måtte eg finne på noko anna, eg fekk blant anna rydda frysedelen på kjøleskapet. Så begynte eg å rydde litt på altanen; eg kasta dei største plankane ned på plenen og så gjekk eg ned og saga dei i to(med handsag) slik at eg fekk dei inn i tilbygget. Eg saga også diverse anna som kan brukast til ved. Eg sagar med handsag, for eg er litt redd å bruke motorsaga, for det er så lenge sidan eg har brukt den.

Så fekk eg melding frå Margrete om at ho ville komme ein tur. Vi sat lenge og prata og drakk kaffi før vi tok ein tur på Plantasjen. Etterpå såg vi oss om på møbelbutikken der borte, der hadde eg ikkje vore før. Det var interessant å sjå kva slags møblar som er populære no. Skinnmøblane mine er heilt umoderme, men eg synest dei er praktiske og greie å å ha. 
Vi hadde lyst på mat og tenkte vi kunne ete pizza på ALTI, men der var det stengt. Men kafeen var open og dei hadde pizza, så då vart det det likevel.
No er eg heime igjen åleine,men har hatt ein kjekk dag.

mandag, august 04, 2025

Dagbok 2025: 4.august

Klokka er no17.15, temperaturen ute er+15 grader, men i dag har vi hatt opplett og ikkje så mykje skodde.

I dag hadde Marit og eg avtalt å fare på butikken i halv 11 tida. Og slik vart det. Vi var på KiWI og kjøpte mat. Etterpå var eg ein tur ned på ALTI for eg hadde ærend der. 

I dag hadde eg kjøpt med spekepølse og potetsalat, så det åt eg både til lunsj og middag. Eg hadde også skeia ut og kjøpt vannmelon, så det hadde eg til dessert-

I dag var det ver til å vere ute i hagen og jobbe. Eg plukka ein del solbær på det eldste treet, men det viktigaste var å få klippe det ned litt, for det var altfor stort, Eg fekk gjort det mindre, men eg tok det ikkje i høgda i dag, det blir ein annan dag. Eg rydda mykje på den staden i hagen der der blir mest rot. Erlend hadde sørga for at eg hadde sen på kantklipparen og då går det lett å rydde opp rundt busker og tre. Eg jobba så lenge eg orka for ryggen sin del, så spylte er plenklipparen før eg "tok kvelden" (litt tidleg). 

Eg har to små stikkelsbærtre og i år er det mykje bær på dei, så eg skal kanskje prøve å lage stikkelsbærsylte i år? Eg har meir både rips og solbær som eg må plukke. Men  det er grusomt kjedelig å plukke bær, eigenleg. Det var kjekkare før, då var vi to om jobben og klipte sunde trea etter kvart. Det gjer eg no delvis no også.

No må eg få vaska den svarte buksa eg går i-det kan bli at eg skal på ein tur i morgon- og då må eg ha akkurat den- "sommarbuksa."

No skal eg slappe av og sjå TV mens eg strikkar.


Der, på den mørke rundingen, der stod plommetreet. Vi har sådd gras der og det spirer, men det er ikkje så godt å sjå det på bildet.

 

søndag, august 03, 2025

Dagbok 2025: 3.august



 Klokka er no 19.41, temperaturen ute er + 15 grader C, skodda ligg her framleis og det regnar litt innimellom; kort sagt er det eit kjedelig og grått ver. Eg har hagebær som eg skulle ha plukka og diverse anna som skulle ha vore gjort rundt dørene, men kven likar å gjere hagearbeid når det regnar? I dag kan ein no skulde på at det er helg- men eg er redd vi får samme veret fleire dagar framover. Det er mangel på vind, som vanleg.

Eg veit ikkje kva eg har gjort i heile dag,men eg har vel gått her og pusla med litt husarbeid etc. Heldigvis fekk eg besøk av Eirik og hunden til Amanda, Albert, dei er hos Lars for tida, og blir der vel over morgondagen, for då skal Lars feire at han fyller 60 år. Amanda driv og førebur på å flytte inn i huset ho har fått leige på Folkestad. Solveig og Øystein feirer i dag-dei  har vore gifte i 40 år. Og feira det med ein tur til Trondheim.

Viss eg vil feire noko, så kan eg feire at eg har fått to nye vindu i huset mitt. 

Eg har ikkje vore opp til Marit i dag, men i morgon skal vi på butikken i lag. Eg synest det er så trist med dette veret, vanlegvis er august den finaste månaden i året. No skal eg sjå om eg kan få tatt eit bilde av det elendige veret.

lørdag, august 02, 2025

Dagbok 2025: 2.august

Klokka er no 19.36, temperaturen ute er + 20   grader C og skodda ligg langt ned etter fjellsidene. Det er vanskeleg å bli kvitt skodde her i Ørsta fordi det nesten aldri er vind her. Eg saknar VIND!

I dag presterte eg å sove heilt til klokka var 9, det skjer ikkje ofte, Men det var kjekt å stå opp til reint og ryddig hus igjen, dvs. det er ryddig inne, men ikkje på altanen-enno.

Etter at eg hadde ete frokost jobba eg litt. Eg rydda bort treklossar i garasjen og fekk dei i ein sekk, før eg spylte garasjegolvet.  Ein ting til fekk eg gjort, eg rydda og klipte etc. i rosebeddet ved garasjen, der blir fort uryddig når rosene misser kronblada.

Deretter vart det ein tur på butikken, etter at eg hadde fyret i omnen og strikka litt. Eg har så mykje små fjøler etc,så no fyrer eg i staden for å sette på varmepumpa, og i dag har det vore bruk for litt varme, sidan sola held seg borte.

Eg hadde halvvegs tenkt meg til Vik i dag, men det vart berre ein tur på KIWI på Vallabøen. Då eg kom heim att laga eg lunsj og åt. 

Marit ville at eg skulle komme opp til henne, og det ville eg gjerne, så no har vi hatt oss ei god pratestund, men tida gjekk så fort at då eg var heime igjen , var det nyheiter på TV som eg ikkje fekk heilt med meg. Men dei kjem vel att.

Eg driv og strikkar lester av det svenske garnet til Solveig, men hæl-fellingane blir heilt rare og annleis enn vanleg -enda eg strikkar akkurat som eg plar. Eg trur det blir annleis fordi garnet er så tynt. Men eg KAN berre ei hæl-felling. No skal eg snart lage meg litt mat og så skal eg sjå TV og strikke resten av kvelden. Eg har det godt, men ser framtil å treffe att barn og barnebarn som eg ikkje har sett på nokre dagar.

                                                                Slik er det her no




 

fredag, august 01, 2025

Dagbok 2025:1.august

                                                                      Ferdig i dag!

Klokka er no19.15,temperaturen ute er +16 grader, det er opplett men skodda ligg langt nedover fjellsidene, og sola er ikkje å sjå-

I dag la snikkaren siste handa på verket sitt, og til mi store glede hjelpte han meg å få gardinbretta på plass før han reiste. Eg er veldig fornøgd med det han har gjort. På grunn av at vindua ikkje var akkurat som dei vi hadde før, vart det ekstra mykje arbeid. No står det att å male treverket og eg trur Einar kjem til å stille opp der. 

Eg sat og strikka på føremiddagen, men etter at snikkaren hadde reist tok eg meg på tak og vaska og støvsuga og ordna opp i heile "huset" før eg dusja og bad Marit på kaffi og gulrotkake. 

Eg har sove veldig godt i det siste, eg har lagt på datarommet sidan det var enda meir rot på soverommet, men eg må no prøve å legge meg inn att der.

I morgon må eg på byen og handle, har ærend på apoteket t.d.

Eg er glad for at "husarbeidet" er ferdig, og eg har mykje god opptenningsved i garasjen. Eg har ikkje sett døtrene mine på ei stund, så eg håper å sjå dei snart.

Rasmus synest det går seint med grasvoksteren der plommetreet stod, men i dag var det stor framgang, sikkert fordi det har regna innimellom.

Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg. I dag begynner vi på den siste sommarmånaden, tida går så altfor fort. August har vore favorittmånaden min, særleg den tida då skulane begynte 1.september. Far min hadde fødselsdag den 31.august, det var siste sommardagen den gongen.( Han var født i 1899.)
 

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...