torsdag, mars 27, 2014

Dagbok 2014: 27.mars

Klokka har passert 16.30, temperaturen ute er + 11 grader, og no kom sola fram att. Den har vore litt til og frå i dag. Før middag var det nokså skya, og det passa meg bra, for eg skulle både lage litt mat, vaske og støvsuge. Då eg var ferdig og vi hadde tatt oss litt mat, la eg meg ut på solsenga og las lydbok-og sola skein og varma. Sjølvsagt somna eg, for eg var tidlig oppe i dag. Skal bli godt å komme i gang med sommartid.
Skulle vel heller gått ein tur, men hofta plagar meg for tida, etter å ha late meg i fred nokså lenge.
Det skya over og eg gikk inn, men så kom sola fram att. Uansett er det eit herlig vêr. Nils er optimist, så han legg om til sommardekk, som regel må vinterdekka fram att før det blir sommar. 
Eg tok ein tur rundt i hagen og kika etter vårteikn, men det er stort sett berre krokus og små påskeliljer som blomstrar enno. Nils kjøpte hønsegjødsel til halv pris i dag, det var nokre sekker som låg att frå i fjor. Han gjødsla og vatna ovafor garasjen - og forpesta heile nabolaget.

Denne fine, blå blomsten fekk eg av naboen. Eg hadde to frå før, men den eine er halvdaud, så det passa fint å få ein som er frisk. Desse skal eg plante ut i beddet når telen er borte; har ein frå før som eg har hatt glede av i mange år.
No skal eg snart lage litt sein middag.

onsdag, mars 26, 2014

Dagbok 2014: 26.mars.



Klokka er 17.15, temperaturen ute er + 11 grader C, og vêret kan ikkje bli betre.Eg prøvde å ta bilde av sola, det er ikkje så godt utan filter, men bildet gir vel eit inntrykk av kor fint vi har det. Det er kaldt om nettene, og det går ei god stund utover dagen før det er så varmt som no.
Eg brukte føremiddagen til forefallande husarbeid, blant anna baka eg ei kake + 3 brød. Dermed vart det varmt brød og kaffi til lunsj; middag har vi ikkje ete enno.
Nils var nedover og henta den nye motoren til båten, eg hjelpte til med å få den på plass, og Nils har prøvekjørt den i ein balje med vatn. Så spørs det om det blir sjøsetting i morgon. Synest at heile veka, så langt, har dreia seg om motor.
Eg er ikkje heilt god i hofta for tida, så i dag har eg ikkje gått tur, men lege ute på altanen på solsenga , høyrt på lydbok og sove innimellom.Så har eg i alle fall fått sol og frisk luft. No har Nils funne ut at han vil ha båten ut i kveld, så då blir eg med ut på Rjåneset ein tur.


Frå Rjåneset:






tirsdag, mars 25, 2014

Dagbok 2014: 25.mars

Klokka er snart 18.00.Det er eit strålande vêr og temperaturen ute er+ 7  grader C. Inne er det vesentlig varmare; sola varmar godt inne når ho står lågt på himmelen. 
Vi har nettopp hatt oss eit fabelaktig Tacos-måltid, og det på ein tysdag. Ja, når ein et graut på søndag, så er alt mulig.
Det første som skjedde i dag, var at Nils for nedover og klipte seg.Mens han var vekke fekk eg endleg pussa vindua på stova utvendig også, og det gjorde seg. Dei såg fæle ut etter at vi har hatt både regn og vind.
Elles hengde eg ut klesvask etc. etc.
Så var vi ein tur nedover og handla litt, og eg henta eit par bøker på biblio.
Etter ein liten lunsj blei vi enige om å køyre ut på Viljevoll for å gå tur på Kanalvegen, men i det vi skulle til å fare, fekk Nils telefon frå påhengsmotorreparatøren, han måtte komme ut og sjå på noko. Dermed måtte vi litt lenger ut enn planlagt, men det var no i same retning. Han hadde ikkje fått til motoren, og såg seg ikkje syn med å reparere den, så den blei lagt i bilen.
På turen på Kanalvegen trefte vi andre pensjonistar som var ute og lufta seg, så det vart ein del prat. Men det viktigaste var no å vere ute. Fekk også ein telefon frå helsekoordinatoren om eit møte som eg skal vere med på den 2.april. Vi skal planlegge "Verdens aktivitetsdag" for pensjonistane. Eg representerte pensjonistlaget i fjor og har lova å gjere det i år også.
På heimvegen var vi innom han som i si tid selde påhengsmotoren til Nils. Han ville heller ikkje reparere den, det blei så mange nye delar at det ville ikkje lønne seg. Men han får ein innbyttepris for den gamle motoren når han kjøper ny. No veit eg ikkje korleis rota kom i sjøen, men det er altfor mykje som ligg og flyt og øydelegg, og somme ting vert kasta på sjøen med vilje.Og påhengsmotorar blir ikkje dekka av naturskadefondet.Trur eg.

mandag, mars 24, 2014

Dagbok 2014: 24.mars


Morgon
Klokka er snart halv sju, temperaturen er + 5 grader C og det har vore ein nydelig dag, med sol frå nesten skyfri himmel. Eg har visst gått over til indre sommartid ei veke for tidlig, for eg vakna og stod opp relativt tidleg i dag. Då låg der eit tynt lag med snø på marka. Men den forsvann fort.
Og kva gjer ein når ein får ein slik bonusdag? Sjølvsagt burde ein hive ifrå seg alt og kome seg ut, men Nils hadde planlagt å besøke ein sjuk venn, derfor heldt eg meg heime. Ut med dyner og tepper, på med vakemaskina full av sengetøy, fram med vaskebytta osb.osb. Til og med kjellaren fekk ei lita opprydding. 
Etter nokre timar med fullt kjør, var eg veldig fornøgd med meg sjølv og sette meg ned med boka mi. Det siste eg gjorde før eg tok pause, var å tømme oppvaskmaskina. Etter fem minutt kom Nils heim, og ropte over seg då han kom inn på kjøkkenet. Eg hadde vaska opp "gittera" til ventilatoren i maskina, og lagt dei bort på komfyren til tørk med alle platene på 1 (trudde eg) - og gløymt heile greia. 
Ikkje berre hadde eg snudd brytarane feil veg slik at platene  stod på fullt, men eg hadde ikkje tenkt på at "handtaka" var av plast. Dei var delvis smelta og fastbrende i platene. Etter mykje strev fekk Nils reparert såpass vi fekk ristene opp att. Og eg fekk platene reine, utan problem. Det er ikkje så mykje gale eg gjer, men eg har eit lite komfyrproblem. Lurer på om eg må få meg alarm? Men som eg plar seie: Det er dei som gjer noko, som gjer noko gale også.
Etter at vi hadde ete litt sein lunsj, la eg meg ut på solsenga med lydbok eit par timar, orka ikkje å gå tur akkurat då. Hadde både teppe og dyne så eg fraus ikkje, men hadde ei herlig stund, før eg fekk stroke sengetøyet og hatt det igjen. Har lært eit lite triks av naboen, det er å ha trekka på dynene mens dei heng på altanen. Det er ikkje dumt. Mens eg styrte med dette, koka Nils poteter og fisk til sein middag.No er sola vekke her hos oss, men når vi går over til sommartid, kjem vi til å ha sola til halv åtte neste veke,dersom ho er framme då.
Kveld

søndag, mars 23, 2014

Ingeborg fyller år.

I dag er det 21 år sidan vesle Ingeborg kom til verda, og då er ho endelig myndig - også etter gammal målestokk. Sidan Ingeborg vart fødd berre nokre få dagar før min eigen fødselsdag, fekk eg eit fotoalbum i gåve, der det er bilde av jenta frå første dag, eller første minutt er vel rettare å seie. Ho er den eldste i søskenflokken, og vårt barnebarn nummer tre. På Hareid hadde dei to gutar, og særlig nr.2 var veldig begeistra for den vesle kusina. Vi hadde ein liten mjuk hårbørste som han børsta håret hennar med i det uendelige. ( Han er tre år eldre enn henne.) 
Ingeborg var mykje hos oss den første sommaren, og  då hausten kom, flytta dei til Ulsteinvik. Men ho har aldri vore langt borte frå oss før no i år når ho er i Kristiansand. 
Ho har gått i mora sine politiske fotspor og er no medlem i AUF, derfor var det fristande å ta med dette bildet der ho møter Jens Stoltenberg. Margrete har eit bilde av seg og Gro Harlem Bruntland frå den gong ho var AUF-ar. 
Kunne sikkert ha skrive ein roman om Ingeborg, ho er ein spesiell person som eg sjølvsagt er veldig glad i. (  Eg har stoff nok, men skal la det vere.)
Eg har gratulert henne på FB før, men no kan eg gjere det her også:

GRATULERER MED DAGEN INGEBORG !

Dagbok 2014: 23.mars

Klokka har passert 18.00, temperaturen er+ 7 grader og det er fint, lettskya vêr ute. Då vi stod opp i dag var det skuffande grått og vått, men no har meteorologane lova oss ei heil veke med finevêr.
Det var i grunnen ikkje fristande å gå ut på føremiddagen, så eg tok likegodt og vaska og rydda kjøleskapet. Godt alt som er gjort. Sidan eg fann ein pakke melk som var ute på dato, så tok eg like godt og koka litt risengrynsgraut som vi åt til "lunsj". Så no er det kanskje på tide og dykke ned i frysarane for å sjå om eg finn noko saltmat til kvelds.
Elles har eg lese litt, og Nils har sett TV, og elles veit eg i grunnen ikkje kvar dagen har blitt av. No på ettermiddagen skulle Nils ha eit par ord med båtmotorreparatøren, og sidan han bur på vegen mot Rjåneset, køyrde vi ut dit for å få litt frisk luft. Vi gikk tur på dei stigane som er, men særlig mykje mosjon vart det ikkje av det. Dessutan var der iskald vind, noko vi stort sett slepp her oppe i bakkane.
Eg er så glad i å vere ved sjøen, og no var det lenge sidan sist vi var der, så eg måtte ta mange bilde.
Fiskebrygga for handikappa er reparert. Det var Dagmar som for med den.

På badestranda fann Nils ei rot; det var vel ei slik som øydela motoren.
Her ligg færingen til naboen i lag med litt meir snobbete kameratar.

lørdag, mars 22, 2014

Dagbok 2014: 22.mars

Klokka er18.45, temperaturen er + 7 grader C , det er overskya, og nokre få regndropar av og til. Tidlegare i dag bles det, men no er det stilt.
Nils og eg har nettopp gått ein times tur i nærområdet, var litt seine med å kome oss ut i finevêret som var tidligare på dag.
Det har ikkje skjedd så mykje i dag, Nils vaska litt på båten f.m. mens eg rydda litt i huset, og så var vi nedover og kjøpte det vi gløymde i går. Og eg var innom biblio.
Til middag i dag vart det fiskekaker frå frysaren, og etter at vi hadde ete sette eg meg til å rippe boka eg hadde lånt mens eg las ferdig "Hvit panter" og strikka langsmed.
Eg har mange prosjekt som står på vent, men kjem liksom ikkje i gang med noko. Slike prosjekt har det med å bli verande, så eg risikerer ikkje så mykje. Og neste veke er det meldt sol kvar dag! Viss det slår til må vi nyte dagane ute.Det er ikkje mykje snø att no, berre små klattar her og der.
Naboane for på konsert, men vi blir heime. Her er det noko ein kan gå på kvar dag om vi vil, så det manglar ikkje på tilbod. Likevel blir vi sittande heime og sjå TV. Og det er vel også lov?

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...