torsdag, september 06, 2012

Vêrmelding 6.september - 2012


Klokka er 18.45, ute er det overskya og for det meste opphaldsvêr. Temperaturen ute er +10 grader.
Trefte ei veninne frå pensjonistlaget i dag som kom att frå Oslo med nattbussen. Ho var heilt oppløfta over å ha hatt fine og varme dagar i hovudstaden.
Då vi stod opp i dag, såg vi at det hadde snødd ned i dei høgste fjelltoppane, og Den store frosten  tok tak i meg, den sit vel i til det blir vår igjen.Vi var ein tur ned på Amfi og handla, og då såg vi at det hadde kome nysnø oppå den gamle snøen som låg att i Saudehornet. Kan ikkje hugse at det har hendt før.
Eg var litt i tvil om eg skulle gå på Dagkino og sjå Kon-Tiki i dag. Nils skulle til Volda på verkstad med  Note-en. I siste stund bestemte eg meg for kino. Filmen var veldig flott med spektakulære naturbilde og ein stilig Thor Heyerdal, som ættar frå Ørsta. Bestefar hans er herifrå, og onkelen hans er lensmann her.Sjølve hendinga var jo kjend frå før, og vi visste at alle kom fram dit dei skulle, elles hadde det vore enda skumlare med alle dei store haiane. Trur filmen kjem til å slå godt an i USA."Based on a true story"- kanskje ein Oscar?
Eg ringde til Nils, som framleis var i Volda, så eg bestemte meg for å gå heim. Sist eg gikk opp att frå sentrum, køyrde eg Erlend i barnevogn. Han blir 9 år til hausten. Eg valde gangvegen langs Vike-elva for å sleppe å gå i trafikken. Eg var så gjennomfrosen av å sitte stille i ein (for meg) iskald kinosal, så eg gikk så fort eg kunne for å få varmen i meg - utan at eg blei varm før eg var heime på kjøkkenet og begynte å steike pannekaker. Nils kom straks etterpå. Etter at vi hadde ete somna eg på sofaen. Kjende ikkje noko i verken rygg eller hofte då eg gjekk oppover, men fekk litt vondt i "godefoten". Så får eg sjå korleis eg føler meg i morgon.
Har ikkje gjort så mykje fornuftig i dag, men eg har no løna den samme uansett.

onsdag, september 05, 2012

Vêrmelding 5.september - 2012

Klokka er 20.00, og no ser eg at himmelen kjem delvis til syne etter ein regnfull dag.
I dag støvsuga eg heile kåken og gjorde diverse anna husarbeid, før eg stilte opp på styremøte i pensjonistlaget kl.12.00. I dag var vi berre fire av seks som møtte fram. Det var ikkje skulk, men to av styremedlemmene var ute på reise.Det er mykje som skal på plass før møtet komande onsdag, og i tillegg er det ein del byråkrati.
Nils rakk å hente meg heim att før han reiste til Volda for å køyre Margrete sin bil til EU-kontroll. Margrete får ha vår bil så lenge. Ho hadde fri i dag, men var til tannlege med dei to yngste. Nils var i Volda til dei var ferdige med bilen, men må tilbake med den i morgon sidan den skal reparerast litt.
Før han for bortover fekk han forresten telefon om at Margrete skal ha den nye bilen på tunet den 13.sept.
Mens eg var her heime åleine, fekk eg gjort unna litt "kontorarbeid" og laga middag. Det blei ein enkel gryterett basert på ein ferdig-pose med Taco-gryte. Ikkje noko særlig i utgangspunktet, med med litt tilleggsingrediensar blei den bra. Det er slikt eg har kjøpt i hop og ikkje har samvit til berre å kaste.
Etter ein sein og kraftig middag, sovna eg inn på sofaen -  for ei stund.
No har eg lese litt i boka mi, ein kriminalroman av Jørn Lier Horst.

tirsdag, september 04, 2012

Vêrmelding 4.september - 2012

Klokka er 16.30. Ute høljar det ned, skikkelig grisevêr med andre ord. Temperaturen er +11 grader C.
Det har ikkje skjedd så mykje i dag. På føremiddagen vaska og rydda eg i huset og gjorde diverse anna husarbeid. Ikkje så mykje å skrive om eigentlig.
Til middag hadde vi restar frå i går, og etter ein rask kaffikopp tok vi turen til Volda, for å høyre etter bilen til Margrete. 
Den var bestilt i april, og det vart då sagt at det kunne gå opp til 3 mnd.før ho fekk den. Vi tykte det var drygt, men no har det gått fire mnd. Til samanlikning kan eg nemne at då vi bestilte bilen vår i Ålesund fekk vi den på mindre enn ei veke. Det var sjølvsagt eit anna bilmerke, men likevel.Trur det er lurt å handle bil på store forretningar. 
Bilen står i tektyleringskø i Drammen og det har den gjort i vekesvis.Til alt overmål reklamerer dette bilmerket med "kort leveringstid". Kor lenge er det, eigentlig?  Blir litt opptrekt!
Skulle eigentlig ha hengt ut ein klesvask, men det blir vel trommeltørk i dag. Har vore innom biblio og henta ei bok som dei hadde lagt til sides til meg. Den skal eg rippe no, så kan dei få den att i morgon når eg skal på styremøte i pensjonistlaget.

mandag, september 03, 2012

Vêrmelding 3-september - 2012

Klokka er 21.00. Temperaturen ute er + 15 grader C og det har vore fint, lettskya vêr i heile dag.
Eg har for det meste vore inne og gjort diverse hsarbeid. Mellom anna laga eg middag til fem i dag, sidan Margrete og dei to yngste kom på besøk.Det er alltid kjekt å lage mat til litt fleire enn to. 
Skal heller ikkje legge skjul på at det går litt tid framfor datamaskina. Til mailer, FB etc., men på den måten har eg kontakt med verda utanfor Starevegen.
Den siste (?) jobben i dag var å rense og fryse sukkererter. Det er stor avling i år, men ikkje alle er like fine. Nils tek vare på erter til frø som han sår til våren. Det funkar godt, for vi har kome fram til ein god sort med store skolmar. Erterpøler kalla vi det då vi var små. Eg frys dei utan å forvelle dei, og kan bruke dei i Wok og i stuing til for eksempel spekesild.
I dag fyller Kristine på Eid 12 år og vi gratulerer med dagen!

søndag, september 02, 2012

Vêrmelding 2.september - 2012

Klokka er 20.30, temperaturen er+ 12 grader og det er regn og grått ute. Nils ser fotballkamp og eg har site det meste av ettermiddagen og lese lydbok. Det var i grunnen ei misforståing som gjorde det, boka inneheldt ei plate meir enn eg trudde. Er litt ergerlig på meg sjølv som ikkje har funne på noko anna.
Før middag fór Nils ut for å fiske makrell, han skal ha den til agn på linene sine. Eg gjorde ein liten innsats på kjøkkenet. Laga opp litt mat til frysaren. Til middag hadde vi kald, kokt makrell. Og jammen var det godt denne gongen også.
Komande veke har eg mykje på programmet, så det kan vere greitt nok å sløve i helga. Men når eg les om alt kjekt som andre finn på, synest eg vi er litt treige.

Bok nr. 45 - 2012: Katalysatormordet.

Katalysatormordet av Hans Olav Lahlum (Innbundet)
Har ikkje brukt lang så tid på denne boka på 9 CD-plater.Det er ikkje minst fordi Nils Nordberg er utrulig flink å lese.O det gjer det vanskelig å legge frå seg boka.
Dette er den tredje krimboka til Hans Olav Lahlum, og eg har lese alle. Boka er ikkje spesielt spennande men eg likar stilen hans. Ein kan godt kalle bøkene gammaldagse, eller også "klassiske", når det gjeld krim. Handlinga er lagt til 1970-talet, og språket er tilbakedatert til denne tida. Sidan forfattaren er historikar er mange historiske hendingar på plass, ikkje minst når det gjeld politikk. Vi kjenner igjen mange av politikarane sjølv om han har gitt dei andre namn.
Eg likar boka, først og fremst på grunn av språket. Elles kan den vere litt langdryg og til dels kjedelig. Men alle brotsverka blir oppklarte til slutt.
Trur ikkje alle vil like boka, den er mest for oss som likar "Årgangskrim"
Elles er det fullt lovlig å lese bokmeldingar på nettet.

lørdag, september 01, 2012

Vêrmelding 1.september - 2012

Klokka er snart 14.00, og eg sit her ved laptoppen og ventar på at grauten skal bli ferdig. Går ut på kjøkkenet og rører i gryta av og til.
Ute er det overskya, stort sett opplett og litt vind. Her oppe på Bøen hos oss blæs det sjeldan noko særlig, men vi har vore ein tur ut på Rjåneset,, og der var det frisk vind. Men ikkje så kaldt - sidan vinden stod ut fjorden, kjem han nok frå sør. Her hos oss er temperaturen + 14 grader, men det virkar kaldare.
At eg har ein lei tendens til å rote meg bort i litt dumme situasjonar er ei kjend sak, og i dag greidde eg det igjen. På vegen utover såg vi nokre steinar som kanskje ville høve i muren som vi held på å flikke på, så då vi reiste heim, stoppa vi for å sjå etter. Vi fann ein brukbar stein og tok den med til bilen. Då dukka det opp ein mann som var litt ekstra brun i ansiktet. Det viste seg at han budde i ei utrangert campingvogn som stod der. Han var sjølvsagt rumenar og forstod ikkje norsk, og ikkje mykje engelsk. Vi viste han steinen, og det var visst greitt, men sidan han gikk i arbeidskle prøvde eg å spørje om han jobba der osv. Dum som eg er, forstod eg ikkje at han reagerte då han høyrde ordet  "jobb" .Det var tydelig at han trudde vi hadde jobb til han. Han ringde til ein venn som kunne engelsk, så eg måtte snakke med han i mobilen. Litt etter kom ein annan venn som ikkje forstod bæra. Vi prøvde å komme oss derifrå, men nei da, vi måtte vente, for no hadde han ringt til ein tredje venn som kunne norsk. Vi venta og venta og til slutt kom han joggande. Han kunne rett nok ikkje norsk, men forstod engelsk, såpass eg fekk forklart han at det heile var ei misforståing.(På overtydelig og nokså primitivt språk). Og etter at Nils hadde vist han steinen som låg i bagasjerommet fekk vi fare. Puh ! No har vi i alle fall ein "minnestein".
Gløymde visst å ønske alle ei god helg i går, så då gjer eg det i dag.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...