lørdag, september 01, 2012

Vêrmelding 1.september - 2012

Klokka er snart 14.00, og eg sit her ved laptoppen og ventar på at grauten skal bli ferdig. Går ut på kjøkkenet og rører i gryta av og til.
Ute er det overskya, stort sett opplett og litt vind. Her oppe på Bøen hos oss blæs det sjeldan noko særlig, men vi har vore ein tur ut på Rjåneset,, og der var det frisk vind. Men ikkje så kaldt - sidan vinden stod ut fjorden, kjem han nok frå sør. Her hos oss er temperaturen + 14 grader, men det virkar kaldare.
At eg har ein lei tendens til å rote meg bort i litt dumme situasjonar er ei kjend sak, og i dag greidde eg det igjen. På vegen utover såg vi nokre steinar som kanskje ville høve i muren som vi held på å flikke på, så då vi reiste heim, stoppa vi for å sjå etter. Vi fann ein brukbar stein og tok den med til bilen. Då dukka det opp ein mann som var litt ekstra brun i ansiktet. Det viste seg at han budde i ei utrangert campingvogn som stod der. Han var sjølvsagt rumenar og forstod ikkje norsk, og ikkje mykje engelsk. Vi viste han steinen, og det var visst greitt, men sidan han gikk i arbeidskle prøvde eg å spørje om han jobba der osv. Dum som eg er, forstod eg ikkje at han reagerte då han høyrde ordet  "jobb" .Det var tydelig at han trudde vi hadde jobb til han. Han ringde til ein venn som kunne engelsk, så eg måtte snakke med han i mobilen. Litt etter kom ein annan venn som ikkje forstod bæra. Vi prøvde å komme oss derifrå, men nei da, vi måtte vente, for no hadde han ringt til ein tredje venn som kunne norsk. Vi venta og venta og til slutt kom han joggande. Han kunne rett nok ikkje norsk, men forstod engelsk, såpass eg fekk forklart han at det heile var ei misforståing.(På overtydelig og nokså primitivt språk). Og etter at Nils hadde vist han steinen som låg i bagasjerommet fekk vi fare. Puh ! No har vi i alle fall ein "minnestein".
Gløymde visst å ønske alle ei god helg i går, så då gjer eg det i dag.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Litt av ei historie. Kanskje de skulle ha betalt for steinen?

Besta sa...

Det var det vi lurte på. Men det var no ikkje hans stein. Og sikkert ikkje hans campingvogn heller. Stakkars folk seier no eg, men ikkje godt å gi dei jobb heller, sidan dei sikkert ikkje har lov å vere her. Og når dei ikkje kan verken norsk eller engelsk er det umulig å kommunisere. Han hovudpersonen hadde jobb no, men det er vel ikkje varig.