Klokka er snart 21.00, temperaturen er + 13 grader og det er overskya og opplett.
Første gongen eg stod opp i dag var det vått og grått, så eg gikk like godt og la meg igjen. Så i dag slapp eg å sove middag.
Nils for til frisøren for å bli klipt, før middag, og eg gjorde husarbeid. Fekk mellom anna putta litt meir klede i sekken, så no har eg fått plass til å kjøpe meg noko nytt-om eg vil.
Kjekt med desse containerane, slik at ein slepp å vente til det blir "innsamling". Vi var ned til Kiwi i Vik og leverte klede, men handla på Kiwi på Vallabøen, og fekk panta flasker i samme rennet. Og du store tid, der hadde dei fått att yndlingssafta mi som har vore vekke lenge. Eg kjøpte like godt to flasker.
På heimvegen stoppa vi hos ei "veninne" og var inn og såg på nokre gamle møblar ho har, og der vart vi "pratande" så lenge at eg fekk sjokk då eg kom heim og såg kva klokka var.
Elles i dag har eg gjort ferdig eit lestepar; strikka ei stund, mens eg høyrde bok. Til middag hadde vi fiskekaker frå frysaren, ikkje det mest spennande eg veit.
Ja, dagane fyk av garde anten ein gjer mykje eller lite. Forstår ikkje at vi hadde tid å gå på jobb i gamle dagar.Kva vi finn på i morgon kjem an på vêret.
mandag, september 07, 2015
søndag, september 06, 2015
Dagbok 2015: 6.september
Klokka er no 19.20, temperaturen ute er + 12 grader C, det er skya opphaldsvêr.
No sit Nils på stova og ser fotball, mens erg sit på "rommet mitt" og høyrer lydbok, mens eg strikkar.
Det har ikkje skjedd så mykje i dag, men det er heilt greitt.Eg er ikkje i form til lange turar.
Før middag ringde ei veninne frå Bergen, så vi hadde ein prat. Mens vi prata forsvann Nils ut for å "ause båten". Eg fann ut at eg like godt kunne begynne å lage middag. Eg hadde planlagt å lage Solveig si "Karrigryte" og hadde alle ingrediensane klar, med unntak av kyllingbulliong. Så eg tok kalvefond i staden. Gryta blei god, men litt tam, så eg forsterka den med litt riven ingefær og ein liten bit chili. Ingefær og chili har eg alltid i frysaren. Eg tek ein bit ingefær under varmtvasskranen ein aungeblink, skrellar med teskei, og så kan eg raspe den. Solveig si oppskrift er berekna til born, og ikkje alle like det like sterkt, eg måtte ha litt meir sting i den, og Nils meinte den var "nesten Kina", noko eg tok som ein komliment.
Etter middagen somna eg tvert på sofaen og visste ikkje å vakne igjen, men greidde det til slutt. Eg har lettare for å somne om dagen enn om natta. Trur eg må vere eit "nattdyr".
Denne veka er det ikkje noko spesielt som skal skje, det eg veit, så vi får kanskje finne på noko. Det som begrensar oss er problema mine med å sitte(i bilen) og å gå. Håper å komme meg til att eetter kuren.
No er det like før sola skin!

lørdag, september 05, 2015
Dagbok 2015: 5.september
Klokka er snart 19.00, temperaturen ute er 12,5 grader C, og i dag har vi hatt bygevêr; kraftige regnbyger, med sol innimellom.
Nils skulle nedover klokka 10.30 med bord etc. til standen, men kom opp att og henta meg ein time seinare. Vi hadde nore ærend på Amfi, men tok ein tur opp i gågata også. Vi trefte mykje folk og fekk prata med både den eine og den andre. Var også innom utstillinga med teikningar som diverse arkitektar har laga - med forslag til utforming av Ørsta sentrum. Eg hadde ikkje tolmod til å sette meg inn i alle desse planane, men hadde ein givande samtale med avdelingsleiaren for teknisk etat. Og fekk sagt mi meining, noko som er viktig for meg. Som eg sa til ei som eg diskuterte politikk med: Eg er ingen diplomat, eg høver betre som diktator. (Eg er ikkje ute etter å samle stemmer!)
Som de forstår er eg "gangbar" i dag, etter sprøytene i går. Heilt bra er eg ikkje- enno- men det er verre å sitte enn å gå.
I dag handla eg ganske mykje mat på Coop, det har vore berre småhandel i det siste, og eg hadde eigentleg tenkt at vi skulle ete unna litt meir før vi fylte på lageret igjen, frysarane er relativt fulle.
Vi fann ein pakke med "gammal" melk, så no skal eg bake nokre brød, for DET lageret er tomt. Etter at eg begynte å bake med "Solveig-metoden" -er ikkje brødbakst noko problem lenger.
I dag hadde vi kokt lange til middag; i går hadde vi grillpølser i pølsebrød(grove)- så vi er ikkje like prektige støtt.
Eg har fire nydelige orkidear som blomstrar no, for andre gong minst, over ser de bilde av ein av dei.
fredag, september 04, 2015
Dagbok 2015: 4.september
(Mobilbilde. Det nye reinseanlegget.)
Klokka er ca 10.00, temperaturen er + 15 grader og det er regn og skodde. Det er store skilnader på vêret frå dag til dag.
I går kveld sat eg og strikka mens Nils såg fotball. Kjende at eg fekk vondt i ryggen, men tenkte at det ville gå over.... Det gjorde det ikkje, så eg vart liggande vaken og verke heile natta.Smertestillande tablettar hadde null effekt. No blir eg ikkje hysterisk fordi om eg ikkje får sove, så eg nytta tida til å lese ferdig lydboka mi. Eg var faktisk så vaken at eg fekk med meg heile innhaldet. Det var godt å få stå opp i dag, betre å vere på beina enn å ligge. Og så hadde eg i bakhovudet at eg skulle til Volda og få sprøyter i dag. Det har eg fått, men dei hjelper ikkje sånn med ein gong.
Eg har ikkje gjort mykje i dag, vaska golv før middag, slappa av ei stund på sofaen før eg dusja og vaska håret og for til Volda. Hadde med meg lydbøker som eg leverte på biblioteket både her og der.No har eg begynt på ei nordnorsk krimbok, lesen av Nils Johnson. Har les på "nordnorsk"- og det er ei fryd å høyre på. I kveld blir det vel ikkje lese så mykje, det er ein del program på TV som vi skal sjå.
Etter at vi var i Volda, var vi ein snartur innom Amfi, det var ikkje så mykje vi skulle ha. Det er nesten komisk: Her lagar dei til eit fint område mellom Amfi og småbåthamna, den såkalla hamneparken. Der står det blant anna eit lite hus som innheld kloakkreinseanlegg. Så er ikkje anlegget godt nok, og dei må bygge nytt. Etter vår meining har dei tatt lite omsyn til det estetiske-dei som har teikna huset. Men det er vel viktigast at det gjer nytta.
Nils skal ikkje stå på stand i morgon, men han skal nedom med bord og anna utstyr. Eg kan ikkje planlegge noko før eg veit korleis forma er.
Ønsker alle ei god helg.
Bok nr.64 - 2015: Reisen til Bella Coola

Reisen til Bella Coola er en tidløs fortelling om tap, frigjøring og kjærlighet på tvers av klasseskiller og kontinenter.
Året er 1892 og Ingrid står ved rekka på amerikabåten SS Majestic. Idet hun ser fastlandet forsvinne, forlater hun for alltid livet i den lille hjembygda i Østerdalen. Ingrid reiser sammen med ektemannen Esten. De har tatt avgjørelsen om oppbrudd sammen, men har helt ulike forventninger til den nye verden.
På båtturen over Atlanteren møter Ingrid prestesønnen Andreas fra Stavanger, som i likhet med henne rømmer fra en dyp sorg. Det vokser frem et sterkt og uventet fellesskap mellom dem.
Denne boka har sine sider, men stort sett er den langdryg og nokså kjedelig- etter mi meining. Elles er eg samd i det Margrete skriv om boka. Det mest interessante for meg var skildringa av Chicago rundt 1900 .
Men i natt var lydboka god å ha, for då låg eg sømnlaus og fekk lese mange plater i eitt. Utan at eg somna av den grunn.
torsdag, september 03, 2015
Dagbok 2015: 3.september.
Klokka er 20.00, temperaturen + 17 grader, maksimumstemperaturen i dag har vore godt over 20 grader- og sola skin framleis frå klår himmel.
På Kongsberg er det flaum, elva Lågen har ikkje vore så stor på 20 år. Vebjørn sin skule er stengt, så han har vore hos besteforeldra i dag. Huset til Rasmus og familien ligg ikkje nær elva, heldigvis.
Ja, vêret vert merkelegare og merkelegare, alt er liksom så ekstremt.
Eg hadde EIN jobb eg måtte gjere i dag og det var å skrive referat frå møtet i går. Eg sette meg til rett etter frokost, og då eg var ferdig, var klokka 12.30. Tida går så fort når eg jobbar med slikt, men så er det ikkje så ofte. Merka under møtet i går at eg var ute av trening i å "stenografere" så eg hadde litt problem med å tyde notatane i dag. Det vart til at eg skreiv etter hukommelsen. Det får vere greitt nok.
Vi tok oss litt lunsj før vi "pausa" på altanen.
Nils har slått plenar nesten heile dagen, med pausar innimellom. Graset veks framleis godt, og nattedoggen sit lenge i så han hadde litt av ein jobb.
Vi har funne fleire modne plommer, og blir det fleire godvêrsdagar kan det bli god plommehaust. Får berre håpe det ikkje blir regn, for då sprekk plommene.
Då han var ferdig å slå laga vi middag, i dag vart det steikt sei.
I morgon skal eg til Volda og ta sprøyter i 16-tida, heilt typisk er det at eg aldri er friskare enn når eg har legetime.

onsdag, september 02, 2015
Dagbok 2015: 2.september
Klokka er 19.15, temperaturen ute er + 14 grader C, og det er fint, lettskya vêr.
Dagen i dag har dreia seg om pensjonistlaget. Først måtte eg dusje og vaske håret, så stort meir vart det ikkje gjort før vi møtte på Kulturhuset for å dekke bord og pynte opp litt.(Då hadde vi henta songbøker m.m. på Bakkola først.) Trist å sjå kor nedslitne og sulka møblane er.
Kulturhuset treng verkeleg eit "løft".
Vi var heimom og fekk oss mat og ein liten pause før vi møtte opp klokka 15.30.
Møtet gjekk greitt, og Inger Liadal orienterte grundig om stoda for eldreomsorga i Ørsta. Men stakkars meg som skulle notere, - det gjekk fort i svingane. I morgon får eg litt av ein jobb med å få til eit referat.
Det varte og rakk før dei to voldingane fekk kome til med song og musikk.
Men det var fint å høyre på dei.
No skal eg prøve å slappe av litt og rydde opp i haudet mitt. Merkar at det har vore ein lang "ferie"; eg er ute av trening. Det ser forresten ut til at det blir ein fin dag i morgon.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...