lørdag, september 05, 2015

Dagbok 2015: 5.september


Klokka er snart 19.00, temperaturen ute er 12,5 grader C, og i dag har vi hatt bygevêr; kraftige regnbyger, med sol innimellom.
Nils skulle nedover klokka 10.30 med bord etc. til standen, men kom opp att og henta meg ein time seinare. Vi hadde nore ærend på Amfi, men tok ein tur opp i gågata også. Vi trefte mykje folk og fekk prata med både den eine og den andre. Var også innom utstillinga med teikningar som diverse arkitektar har laga - med forslag til utforming av Ørsta sentrum. Eg hadde ikkje tolmod til å sette meg inn i alle desse planane, men hadde ein givande samtale med avdelingsleiaren for teknisk etat. Og fekk sagt mi meining, noko som er viktig for meg. Som eg sa til ei som eg diskuterte politikk med: Eg er ingen diplomat, eg høver betre som diktator. (Eg er ikkje ute etter å samle stemmer!)
Som de forstår er eg "gangbar" i dag, etter sprøytene i går. Heilt bra er eg ikkje- enno- men det er verre å sitte enn å gå.
I dag handla eg ganske mykje mat på Coop, det har vore berre småhandel i det siste, og eg hadde eigentleg tenkt at vi skulle ete unna litt meir før vi fylte på lageret igjen, frysarane er relativt fulle.
Vi fann ein pakke med "gammal" melk, så no skal eg bake nokre brød, for DET lageret er tomt. Etter at eg begynte å bake med "Solveig-metoden"  -er ikkje brødbakst noko problem lenger.
I dag hadde vi kokt lange til middag; i går hadde vi grillpølser i pølsebrød(grove)- så vi er ikkje like prektige støtt.
Eg har fire nydelige orkidear som blomstrar no, for andre gong minst, over ser de bilde av ein av dei.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...