fredag, september 04, 2015

Dagbok 2015: 4.september

(Mobilbilde. Det nye reinseanlegget.)

Klokka er ca 10.00, temperaturen er + 15 grader og det er regn og skodde. Det er store skilnader på vêret frå dag til dag.
I går kveld sat eg og strikka mens Nils såg fotball. Kjende at eg fekk vondt i ryggen, men tenkte at det ville gå over.... Det gjorde det ikkje, så eg vart liggande vaken og verke heile natta.Smertestillande tablettar hadde null effekt. No blir eg ikkje hysterisk fordi om eg ikkje får sove, så eg nytta tida til å lese ferdig lydboka mi. Eg var faktisk så vaken at eg fekk med meg heile innhaldet. Det var godt å få stå opp i dag, betre å vere på beina enn å ligge. Og så hadde eg i bakhovudet at eg skulle til Volda og få sprøyter i dag. Det har eg fått, men dei hjelper ikkje sånn med ein gong.
Eg har ikkje gjort mykje i dag, vaska golv før middag, slappa av ei stund på sofaen før eg dusja og vaska håret og for til Volda. Hadde med meg lydbøker som eg leverte på biblioteket både her og der.No har eg begynt på ei nordnorsk krimbok, lesen av Nils Johnson. Har les på "nordnorsk"- og det er ei fryd å høyre på. I kveld blir det vel ikkje lese så mykje, det er ein del program på TV som vi skal sjå.
Etter at vi var i Volda, var vi ein snartur innom Amfi, det var ikkje så mykje vi skulle ha. Det er nesten komisk: Her lagar dei til eit fint område mellom Amfi og småbåthamna, den såkalla hamneparken. Der står det blant anna eit lite hus som innheld kloakkreinseanlegg. Så er ikkje anlegget godt nok, og dei må bygge nytt. Etter vår meining har dei tatt lite omsyn til det estetiske-dei som har teikna huset. Men det er vel viktigast at det gjer nytta.
Nils skal ikkje stå på stand i morgon, men han skal nedom med bord og anna utstyr. Eg kan ikkje planlegge noko før eg veit korleis forma er.
Ønsker alle ei god helg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...