Klokka er 20.00, temperaturen + 17 grader, maksimumstemperaturen i dag har vore godt over 20 grader- og sola skin framleis frå klår himmel.
På Kongsberg er det flaum, elva Lågen har ikkje vore så stor på 20 år. Vebjørn sin skule er stengt, så han har vore hos besteforeldra i dag. Huset til Rasmus og familien ligg ikkje nær elva, heldigvis.
Ja, vêret vert merkelegare og merkelegare, alt er liksom så ekstremt.
Eg hadde EIN jobb eg måtte gjere i dag og det var å skrive referat frå møtet i går. Eg sette meg til rett etter frokost, og då eg var ferdig, var klokka 12.30. Tida går så fort når eg jobbar med slikt, men så er det ikkje så ofte. Merka under møtet i går at eg var ute av trening i å "stenografere" så eg hadde litt problem med å tyde notatane i dag. Det vart til at eg skreiv etter hukommelsen. Det får vere greitt nok.
Vi tok oss litt lunsj før vi "pausa" på altanen.
Nils har slått plenar nesten heile dagen, med pausar innimellom. Graset veks framleis godt, og nattedoggen sit lenge i så han hadde litt av ein jobb.
Vi har funne fleire modne plommer, og blir det fleire godvêrsdagar kan det bli god plommehaust. Får berre håpe det ikkje blir regn, for då sprekk plommene.
Då han var ferdig å slå laga vi middag, i dag vart det steikt sei.
I morgon skal eg til Volda og ta sprøyter i 16-tida, heilt typisk er det at eg aldri er friskare enn når eg har legetime.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025: 12.desember
Blir det grøn jul i år? Temperaturen ute er +9 graderC og det regnar. Ja, det er ikkje meg imot, sjølv om det er no finare med kvit jul.me...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar